Ja, så var det på’an igjen, då!

Me ser tilbake på 2008 og fram til 2009!

Nok eit år har gått, og myk­je under­fundigt og meir eller min­dre gode ting har satt preg på året 2008. Både når det kjem til det heilt per­son­lege til ting som omhand­lar Tel­lus på alle moglege måtar. Myk­je har skjedd, myk­je meir skal skje…

2008 vart eit år eg skra­pa saman det eg hadde av småmynt og spurde om han­da til mi kjære Renate, fekk oppl­e­va Sig­ur Rós og Radio­head på same scene i Bel­gia, sol­gte lei­lighei­ta mi med stor­tap, fekk bil­drau­men opp­fylt, oppl­e­va kor­leis livet var før og etter iPhone, sam­stun­des som eg opplyste folk om knaskeri på ein freda­gane. Og jepp, eg har klart å gjen­nom­føra mitt nyårs­fort­set: Eg seier no KUN «Ha det!» og ikkje «Hei!» når eg avs­lut­tar tele­fon­sam­ta­lar… Året sett under eitt, eit fan­tastisk år alt­så!

Spørsmålet er: Vert 2009 like spanande?

Ja, kva skjer i 2009?

Om dette året vert like spanande vil einaste tida vise. Men eg skal gifte meg, det er vel ei hend­ing stor nok til å dekkje eit års­for­bruk i opplevel­sar… Teik­nestri­pa «M» illus­tr­erer dette med det gode i å ha nokon ved sin side veldig godt i denne stri­pa, og eg kan berre seie at eg gled­er meg vilt masse. Gif­tar­målet står i Eid kyrk­je på Hal­snøy 27. juni, med påfyl­g­jande fest på folke­høgskulen på øya. Meir infor­masjon om akku­rat denne dagen kan du finne på www.renateogespen.com.

Eg håpar også på å få fleire gode musikkop­plevin­gar, både store og små. Ser til mi store glede at fes­ti­valen Øyo ’09 (på HSH) er eit nytt friskt pust i elles så fes­ti­val-tør­ka vin­ter­stid, og det tilogmed på øya der eg vaks opp. Om det vert ein suk­sess til glede og gjen­takelse krys­sar eg fin­grane for!

Om det skjer noko meir i løpet av året, ikkje sjå vekk i frå at eg kjem til å nemne det med ei lin­je eller tre!

Published by Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!

%d bloggers like this: