Welcome to Jumbo Hostel!

Jumbo Hostel

Ta ein utdan­ka jum­bo­jet, plassér det på ein pas­sande eige­dom, røsk ut alt innhold­et, sleng inn eit par sen­gar, sto­lar og ekstra veg­gar. Vips så har du ver­das første fly­hotell i ordets rette tyd­ning. Velkomen inn i Jum­bo Hostel!

OK, så bestemte eg meg for å vente til det kom opp i ALLE tenkelege net­tavis­er før eg pos­ta eit eige inn­legg om at dette hostel­let opn­er denne veka. Jo fleire, jo betre seier no eg.

Alt­så: Du skal ut og fly, men så går ikkje fly­et og du må betale over­nat­ting. Van­leg situ­asjon. Dette har no Oscar Diös gjort noko med. Han bestemte seg i 2007 for å ekspan­dere sin hotell og hostell-virk­somhet. Han tenk­te at eit bil­lig alter­na­tiv var å bygge eit hos­tel like ved den svenske hov­ud­fly­plassen. I utgongspunk­tet ein enkel affære, såframt planane går gjen­nom. Men det å komme på idéen å taue eit utdan­ka Boe­ing 747–200 fly til Arlan­da fly­plass for å innkvartere reisande, er jo ikkje akku­rat kvardagskost. 

Brudesuiten

Resul­tatet ser lovande ut, og frå i går av kunne man sove i ein av dei 25 rom­ma ombord. I til­legg har vel alle hostel/hotell med respekt for seg sjølv ei brudesuite. Dette fly­et, ret­telse, hostel­let er inget unntak. Heilt framme i fly­et, i cock­piten, finn du det einaste rom­met med eige bad, nem­leg brudesuit­en. Foruten lob­byen inneheld hostel­let spis­esal og eit konferanserom.

By Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!