Eg reknar med dei fleste som har følgd meg på denne bloggen veit at eg elskar musikk, og spesielt to band: Radiohead og Sigur Rós. Denne veka er det duka for ein fantastisk konsertoppleving med sistnemde, nærmare bestemt i Oslo Spektrum på torsdag. Ellev(ill)e musikarar https://vimeo.com/67679907 Med totalt elleve stykk på scenen, er det rom…… Continue reading Oppvarminga er i gong
Kategori: Musikk
Tralleri-trallera! Alt lydrelatert går i denne kategorien.
Årets julegåve kjem frå Calle
http://youtu.be/61UfGg6sf8I Usikker på kva juleplate du skal gi til svigers i år? Eg skulle gjerne ha hjulpe deg der, men hadde dette vore ein reell utgjeving frå komikaren Calle Hellevang Larsen, hadde eg ikkje vore i tvil om at denne plata skulle under årets juletre! Me får enn så lenge kose oss med musikkvideoen over…… Continue reading Årets julegåve kjem frå Calle
Sigur Rós går under jorda
http://www.youtube.com/watch?v=8AuJdkZkgCw I dag ville eg berre dela ei fantastisk musikalsk oppleving med mine lesarar. Den franske nettstaden La Blogothèque har ein serie kalla Empty Space. Der presenterar dei artistar som spelar på ein uvanleg scene. I deira siste episode ser me Sigur Rós, eit av mine favorittband, spele Hrafntinna i ei hule langt under Paris…… Continue reading Sigur Rós går under jorda
Tonar på ein måndag: Mai
Det lir mot sommar og forhåpentleg betre vêr. Difor har eg samla ti nye låtar som kan inspirera til pikniken i parken, båtturen eller romferda til mars.
Tonar på ein måndag: April
Soldagane ser ut til å vera over for denne gong denne våren. Då er det godt ein med godt samvit kan sitje inne, skru på anlegget og fyre opp noko fengjande musikk som står til regnbygene ute. Kos deg!
Tonar på ein måndag: Mars
Ny månad, nye tonar. Denne månaden serverar eg for det meste pumpande tonar som kanskje inspirerar meir til å bevege dansefoten enn kreativt arbeide. Men det er kvar sin smak!
Tonar på ein måndag: Februar
Tonanen frå februar kom litt seinare på dagen enn normalt i dag, men dei er like aktuelle som inspirasjon anten du er nattmenneske eller dagdrøymar… Her er i alle fall ti nye låtar!
Tonar på ein måndag: Januar
Nytt år, ny månad og nye låtar i spelelista for januar! Eit saftig samsurium av stilartar er å finne blant dei ti utvalde låtane til deg denne gong. Enjoy!
Dumme måtar å døy på
Det er snart helg, og alle elskar å sjå artige klipp på nettet for å halde arbeidsmoralen oppe bittelitt lenger. Men, kan eit klipp som omhandlar korleis ein kan dø på vera morosamt og underhaldande? Ja, meiner eg. Berre sjå her!
Tonar på ein måndag: November
Det nærmar seg jul med stormskritt, men om du stressar med julegåver skal du berre slappe av. Musikk er terapi! Høyr difor gjennom spelelista frå November og ta deg fri frå julehandelen med øyreklokkene god klistra om øyro…