-
Den einaste i heile verda
Det er ikkje mange festivalar som kan kalle seg for unik i sitt felt i heile verda, ja kanskje også i heile universet. Men det kan den nynorske barnebokfestivalen som går av stabelen på Stord på fyrstkomande sundag. Velkomen til Falturiltufestivalen!
-
Tonar på ein måndag: Oktober
Etter ein lang periode med sildrande regn og piskande vind, ser det no ut til at me endeleg skal få nokre herlege haustdagar (i alle fall i skrivande stund). Opne vindaugo, slepp lufta inn og musikken ut frå spelelista for oktober!
-
Tonar på ein måndag: September
Haustregnet ausar ned og skapar godstemning om du sit innafor vindaugo med kaffikoppen mellom henda samstundes som du høyrer på spelelista eg har til deg for september...
-
Tonar på ein måndag: August
Her kjem tonane som skal inspirere deg i august. Litt på etterskot, men eg skuldar på fellesferien...
-
Tonar på ein måndag: Juli
Her kjem tonane som skal inspirere deg i juli. Ein skikkeleg gåvepakke frå meg til deg! Enjoy the music!
-
Tonar på ein måndag: Juni
Det er straks sommar og med denne årstida kjem det ofte musikalske tonar i lufta kring oss; I parken, på stranda eller frå dei topplause bilane på vegen. Eg føler det då er på tide å starte ei ny spalte her på bruket: Musikalske tonar på ein måndag!
-
Prompøst
At eg er ein ihuga typografil er ikkje vanskeleg å merke. For dei som kjenner meg har eg alltid elska å høyre på musikk — nesten uanskvett kor eg befinn meg. Det ingen har hatt nyss om, er at eg i dag debuterar som artist sjølv!
-
The Sound of Music
Det er ikkje alltid det hjelper med heilt stille kontor når ein skal vere kreativ. Av og til må ein ha noko i øyro for å aktivere den kreative delen av hjernen. Høyrer du på Spotify? Då vil eg gjerne høyre kva musikk som inspirerer deg!
-
La oss eksperimentere litt
Bruken av HTML5 og CSS3 er på kraftig inntog i den digitale verda. Desse nye kodespråka opnar for stadig nye opplevingar via nettlesaren — særleg om du har ein som støttar standarden fullt ut. Hjå Chrome Experiments vert dette teke så langt det er mogleg.