Den einaste i heile verda

Det er ikkje mange festivalar som kan kalle seg for unik i sitt felt i heile verda, ja kanskje også i heile universet. Men det kan den nynorske barnebokfestivalen som går av stabelen på Stord på fyrstkomande sundag. Velkomen til Falturiltufestivalen!

Den einaste nynorske barnebokfestivalen Falturiltu har vore arrangert i veke 45 kvart år sidan 2007 her på Stord, og startar i år på sundag 4. november.

I løpet av fem dagar kan du få med deg opne førestillingar for born og vaksne, forfattarar som kjem til skulane, barnelitteraturseminar, skrivekurs, konsertar og utstillingar.

I år kan du blant anna få med deg Odd Nordstoga, Erik Thorstvedt og Maria Parr. I tillegg kan du få med deg eit nytt gratisarrangement av året der det vert filmkveld med tre kortfilmar basert på tekstar frå Ragnar Hovland og Magnus Martens lokale storfilm Eddie Stargazer (som forsåvidt også er basert på ein av Hovland sine tekstar).

Ragnar Hovland

Foto: Herborg Pedersen

Ragnar Hovland, som for øvrig feirar sine fyrste 60 år i år, er utvalgt til å vera årets festivalforfattar. Hans kanskje mest kjende bok er Sveve over vatna frå 1982, og har gjeve ut meir enn 40 bøker sidan debuten i 1979 med Alltid fleire dagar. Mange av bøkene har han òg hausta gode kritikkar og vunne ein bråte med prisar for.

Les meir om han og kva meir du kan få med deg på Falturiltu sine eigne sider her!

 

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.