The Sound of Music

Det er ikkje alltid det hjelper med heilt stille kontor når ein skal vere kreativ. Av og til ein ha noko i øyro for å aktivere den kreative delen av hjernen. Høyrer du på Spotify? Då vil eg gjerne høyre kva musikk som inspirerer deg!

Spotify har ein røys med låtar du kan lytte på gratis (dog tungt reklamebasert), og er for mange vorten eit must i deira digitale kvardag — inkludert underteikna. I likheit med iTunes er det mogleg for deg å opprette spelelister der du kan samle alle perlene i gruppe, til dømes alle rockebalader i ei mappe og all pop-en i ei anna. I tillegg er det ein funksjon (collaborative playlists) som gjer at ein kan dele desse med andre du meiner har behov for, eller kanskje berre lyst på nye innspel til musikkhorisonten. Den har eg nytta meg av, og teng no di hjelp til å utvikle den! Last inn denne spelelista og legg til dine inspirasjonskjelder eller favorittar! På førehand bukkar eg fint og seier takk!

Kanskje du også finn denne lista nyttig og oppdagar ny god musikk? I same sleng kan eg slengje på eit tips til deg på dei aller fleste snarvegane som finst i programmet…

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.