Knask på ein fredag: Februar

Maven Pro

Star­tar friskt med ein skrift­type eg har funne fram til deg. Denne kan du laste ned og nytte slik du vil — heilt gratis. Maven Pro er ele­gant og lekker å sjå på i til­legg til at den gjer arbei­det enkelt for deg om du vil lage eit mod­erne uttrykk i ditt design! Rek­nar med det er heilt i orden?

Comic Sans Criminal

Eg skriv såpass myk­je om Com­ic Sans her på nettsi­da mi at ein skulle tru eg elskar skrif­ta. For å vere heilt ærleg er det eit snev av sannheit i akku­rat det; Eg elskar å mis­like sterkt denne skrift­typen. Er du ein av dei som nyt­tar skrif­ta til noko anna enn i skriv ret­ta mot barn? Ja, då er det ein viss fare for at du er ein Com­ic Sans-krim­inell. Fortvil ikkje, red­ninga er her!

Fin skit

Design, reklame og kom­mu­nikasjon generelt kan alle vere uimot­ståe­leg vakkert eller rett og slett drit du helst ikkje ville lete augo sjå. Nettstaden Pr*tty Sh*tty har teke ein frå kva kat­e­gori og pre­sen­tert dei til alles spott og spe — eller for å saman­likne kva som funker og ikkje. Artig greie, eigent­leg.

Effektivitet, effektivitet, effektivitet!

Det finst sikkert nokre der ute som er i same båt som meg når det kjem til hår­mengde og må halde tritt med denne ved hjelp av bar­ber­maskin, høv­el eller anna fikst utstyr rel­a­tivt ofte. I til­legg til at dette også tek ein­del tid vert det alltid myk­je rot og hår­reisande restar etter prosedyren. No ser det imi­dler­tid ut som om at løysin­ga er her! Sjekk ut videoen over for den effek­tive nyvin­ninga!

Plan­e­tane våre

Nokon gong lurt på kor­leis dei andre plan­e­tane i sol­sys­temet vårt hadde sett ut frå jor­da om dei hadde vore på same avs­tand som månen er frå vår frodi­ge plan­et? Det har ikkje eg, men det var særs artig å sjå det i videoen over likev­el! Ganske feng­jande, fak­tisk.

Ikon og slikt

Eg såg at eg nem­nte i førre knask at eg kan­skje skulle pre­sen­tere ikon­er og slikt i den påføl­g­jande veka. Eg meinte sjølvsagt månad… No er det fak­tisk neste månad og eg held oppe tradis­jo­nen med ikon­er — og noko attåt.

Krukka utan botn

Icon Jar er eit pros­jekt der du kan kjøpe eit sett med ikon for $25 og få abso­lutt alle nye ikon­er i pak­ka ettersendt når dei er klar — utan ekstra kost­nad!

Huset med dei rare knappane i

Kva med å sam­le alle typar knap­par funne på net­tet på ein plass? Det var ein god idé meinte Jason Long, og oppret­ta likegodt eit muse­um med pre­sen­tasjonar av net­tk­nap­par funne hist og pist. Fin­fint!

LEGO-kanji

Sidan eg også har star­ta ein aldri så liten tradis­jon på å vise LEGO i ein eller annan form, så må eg berre få vise deg dette fotoal­bumet på Flickr før me tek helg.

Folk er fine, og no er det helg!

 

Published by Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!

%d bloggers like this: