Nerdete kjærleik

Det nærmar seg den såkalla «alle hjarters dag» (Valentines Day), og ein vert overlessa av kommersielt mas om å kjøpe ditt og datt til din kjære. Er du lei raude hjarter og klisjétekstar, er denne samlinga noko for deg…

14. februar er dagen du får lov til å gjere noko ekstra for den du er kjærast med, gift med, ekstra glad i eller berre skjult forelska i. Tradisjonen med å gje sjokoladegåver, kort med raude hjarter og klisjétekstar er i følgje Wikipedia mest utbreidd i den engelskspråklege delen av verda. Mange meiner den kommersielle overlessinga med reklame og anna har teke meir og meir over her til lands også.

Eg er av ein litt anna oppfatning, kanskje mest på grunn av mitt kjærlege sinn, men eg likar  å vise min kjærleik til kona mi. Heldigvis har eg eit yrke og ein kunnskap som gjer det mogleg for meg å lage mine eigne og særeigne kort, enn dei tradisjonsrike Make Your Own Valentine Cards in 2 nanoseconds!-korta. Dog, eg må innrømma at eg tråkkar lett i fella med å kjøpe ei gigantisk rose denne dagen. I alle fall om ein skal måle etter pris

Nok vas og over til det du faktisk ville lese om. Etter å ha vorten tipsa om bloggen Nerd Valentine kan desse klisjéane raskt endra seg. På bloggen kan du finne alternativer til gåvene som du generelt finn strødd i alle butikkar. Frå LEGO-iPhone-deksler og LEGO-iPhone-øyrepluggar til Valentine utgåve av Angry Birds kan gjere denne dagen «mindre» kommersiell.

Kanskje du skulle ha tipsa din kjære om denne sida i år?

1 Comment

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.