Knask på ein fredag: Januar

Tjuvradden

Me star­tar med ein aldri så liten video for at du skal få byg­gje opp fredagsstemninga og koble av frå alt tjas og mas. Ja, det er nok ein LEGO-film, men vert me lei av klos­sane? Neppe. Om du sak­nar nokre av bitane neste gong du sit og utøver kreativiten din, ser du her kor dei forsvinn…

Noko for den late…

I vår hek­tiske kvardag er det ikkje lett å ta seg tid til å slappe av. Denne nettsi­da kan i så til­felle gi deg ei aldri så lita utfor­dring — prøv å ikkje gjer noko som helst i to heile min­utt. Eg klarte det fint, sjølv om det vis­er noko anna på skjermskotet over. Kors på halsen og 23 kni­var i hjar­ta!

Skrifter i bruk

Ofte ser ein kom­men­tarar på design og bilet­bruk i ei trykksak/nettside, men kva med skriftene som er nyt­ta? Er det nokon som tek seg tid til å kom­mentere dei? Ja, fak­tisk! Sam Berlow, Stephen Coles og Nick Sher­man har saman star­ta pros­jek­tet Fonts In Use kor dei gjer net­topp dette — ser på typografien i alt dei kjem over. På sida vert du pre­sen­tert for ei trykksak/annonse/nettside før dei går gjen­nom og lis­tar opp kva skrifter som er nyt­ta. Fif­figt!

Sidan HTML 1, 2, 3 og 4 ikkje hadde det…

…var det vel på sin plass at den nye HTML-utgå­va skulle få ein flunkande ny pro­fil? Kan­skje ikkje, men likev­el. Fin er er den i mine auge. Eller som The Oat­meal seier i saka under: For all I care, the W3C could use a pair of chee­tah tes­ti­cles as an icon, just make the new stan­dard work well. Sant nok!

1 av 13 av oss er på Facebook. Noko anna nytt?

Me lever tydlegvis i flokk skal me føl­gje dette fak­tasamanan­draget frå The Oat­meal. Dei tek for seg kor­leis ting er på net­tet i dag — myk­je av det er fak­tisk skrem­made sant. Til tross for dette er det morosam lesning på veg inn i ei ny helg!

Ikoner

Ehm… Tru det eller ei, men det er fak­tisk ingen ikon­er på lista i dag. Kan­skje neste veke? Ja, kan­skje det…

Published by Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!

%d bloggers like this: