Det er endeleg fredag! Mange startar vinterferien i dag, men for andre er den ikkje-eksisterande. For dei som fell i sistnemde kategori kjem det her noko digitalt knask!
Tag: knask
Totusenogfjorten
Folkens, det er 2014. Eit (nesten) heilt ferskt år står for tur til å verte fylt med glede, sorg og hendingar me kjem til å hugse lenge eller gløyme fort. Mykje er opp til deg! I det fyrste innlegget i år er det litt forskjellig å lese. Kall det gjerne knask. Her står det om…… Continue reading Totusenogfjorten
Årets julegåve kjem frå Calle
http://youtu.be/61UfGg6sf8I Usikker på kva juleplate du skal gi til svigers i år? Eg skulle gjerne ha hjulpe deg der, men hadde dette vore ein reell utgjeving frå komikaren Calle Hellevang Larsen, hadde eg ikkje vore i tvil om at denne plata skulle under årets juletre! Me får enn så lenge kose oss med musikkvideoen over…… Continue reading Årets julegåve kjem frå Calle
Noreg i di hule hand
Har du vore borti dette med å skjere ut isopor eller treverk for å skape eit landskap for å plassere modellar av hus og liknande på? Kanskje du til og med har prøvd deg på å lage modell av eigedomen din? Ikkje stress meir, landskapet er nemleg i endring! No er tida inne for å…… Continue reading Noreg i di hule hand
Knask på ein fredag: Mai
Det er siste dag i månaden med flestfridagar, men sidan det er fredag er det klart for litt deilig knask! I dag kan du lese om alt frå gode gamle GIF-animasjonar til folk som vert smidd i hymens lenkjer.
Knask på ein fredag: April
Nok ein månad lukkar straks att døra. Det betyr at det er tid for knask på ein fredag her på bloggen! Dersom du undrar på korleis dyra et måltida sine, ja då kan noko av innhaldet vera særs matnyttig!
Knask på ein fredag: Mars
I knasket frå mars finn ein mange små og store godbitar. Alt frå tips til korleis ein kan ha det i heimen til finurlege digitale oppfinningar. Velkomen inn til nye knask!
Knask på ein fredag: Februar
Februar månad er kort. Dette fekk eg erfare då eg gløymde å sjekke kalendaren to gongar for å finne ut når siste fredag i månaden var — det var som mange sikkert har oppdaga førre fredag. At det var siste dag i februar i går får vera eit plaster på såret. Sjekk ut knasket!
Knask på ein fredag: Januar
Nytt år, nye knask. I knasket for dagen håpar eg kvaliteten veg opp for den manglande kvantiteten. Eller, det kan vera det samme. Det er jo fredag!
Knask på ein fredag: November/desember
Det er bikka over til 2013, men eg har til no ikkje fått tid og sjans til å gje deg knask frå november og desember. Slår difor to floger i ein smekk og gir deg knask frå begge månadane for å plastre på tomrommet!