Totusenogfjorten

2014

Folkens, det er 2014. Eit (nesten) heilt ferskt år står for tur til å verte fylt med glede, sorg og hendingar me kjem til å hugse lenge eller gløyme fort. Mykje er opp til deg!

I det fyrste innlegget i år er det litt forskjellig å lese. Kall det gjerne knask. Her står det om alt frå omkalfatringar i arbeidslivet mitt, til ein heilt annan type inspirasjon…

Same, same, but different

Zpirit

Eg har vore fast tilsett i den grafiske bransjen i snart tolv år. TOLV år. Og eg er ikkje passert dei gylne grensa på 30 endå. Eg har gått frå ein lærevillig lærling til ein ihuga fagmann innanfor typografi, grafisk design, trykk og design på nett og digitale media. Ei reise eg trygt kan råda andre til å ta.

Men, kvar reise har ein start og eit hovudstogg. Innimellom der er det som regel mange pausestogg der ein kan få ny dose inspirasjon og bevege kroppen litt. Om to veker skal eg gå av på neste stasjon på denne reisa. Etter nesten fem år i Oktan, byrjar eg i Zpirit reklamebyrå. Eg ser fram til å få både nye og kjente fjes som kollegaer frå februar.

Velkomen innom på kaffi!

Typografi til folk — og fugl

JoLynne Walz Martinez — Flickr
Foto: JoLynne Walz Martinez

Eg vil ikkje seie eg er nokon spåmann. Det kan me få på det reine med ein gong. Kunnskapen min innanfor typografi er i alle fall større. Og er det ein ting eg fortsatt har lyst å drive med, og aller helst stupe djupare inn i, så er det nettopp typografien.

Kvar dag får eg bøttevis med inspirasjon frå mine kjelder på Internett, Facebook og Twitter. Her er nokre av mine bokmerka typografi-lenkjer frå 2013:

  • I Love Ligatures — Ei nettside med inspirerande mange døme på logoar og anna med flotte ligaturar i seg.
  • Design TAXI/Typography — Ei nettside som kjem køyrande med bøttevis med inspirasjon innan grafisk design, kampanjar, videoar og anna kunst, men har òg ein eigen avdeling for typografi som eg stadig er innom.
  • Upside Down N — Å vere ein som skal montere fasadeskilt, burde kanskje vore ein enkel jobb. Men når ein kjem til bokstaven N (i kapitél-utgåve), startar utfordringa…
  • Typenesting — Då er det bevist: fuglar er òg glad i typografi! Gå inn på denne bloggen for å sjå om det er ein favorittbokstav dei likar å «bu i».
  • Typographic Etiquette — Til slutt vil eg berre tips om ei side som går gjennom litt typografisk etikette på nettet. Viktig å få med seg, både om du skriv på skjerm eller på papir!

Har du eit nyttårsfortsett?

The Flattering Man

Me alle har vel eit eller fleire me strevar med. Oppfølgjinga er kanskje hakket verre. Her kjem nokre tips til sider som kan hjelpe deg på veg mot eit betre kropp:

Godt nytt år!

Uanskvett om du vel sofaen eller eige treningsstudio for dine nyttårsfortsett, ynskjer eg deg eit fortsatt godt nytt år!

Kva er dine planar for 2014?

2 Comments