Knask på ein fredag: Mai

Kven sa at animerte GIF-filer var avleggs?

Guifff

I nettver­da dukkar den eine design­per­la etter den andre med fan­cy ani­masjonar i Flash, HTML5 og Ajax/jQuery. Det er då enkelt å tenkje at det gam­le fil­for­matet GIF var avleg­gs og utdatert. Så feil kan ein ta. Slik eg ser det er den meir aktuell enn nokon gong: den er all­sidig, liten av stor­leik (alt er rel­a­tivt sjølvsagt) og den vert støt­ta av net­tle­sarar frå det førre århun­dret.

Nok fjaseprat.

Mange des­ig­narar nyt­tar denne gam­le teknolo­gien til å vise mod­erne design og måtar å vise det vesle ekstra. Ein design­erkar ved namn Jan Can­tor har sam­la mange deilige GIF-ani­masjonar ein kan finne på Design­del­ingsnettstaden Dribb­ble. Primært er det vis­ningar av design frå forskjel­lige mobil app-ar, men det spenn seg frå «enkle» snut­tar til meir avanserte kor­leis-trak­te-kaf­fi-ani­masjonar.

Hymens lenkjer, pt. 2

Artem and Julia

Eg skreiv om eit lik­nande pros­jekt i august i fjor, men det er tyd­leg at det er noko som vert meir og meir van­leg. I dei til­fel­la der brude­paret har litt ekstra på hjar­ta som ikkje er fysisk mog­leg å få plass til i ein van­leg invi­tasjon, er det gre­it å få den ned på ei nett­side. Der­som bru­ra og brud­gom­men òg innehar gode kunnska­par innan design, illus­trasjon og pro­gram­mer­ing, ja då får du resul­tatet til det kom­mande ekteparet Artem og Julia. Vakkert!

Tid til overs?

Gå til Google Bilder og søk etter «Atari Break­out». God helg!

Published by Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!

%d bloggers like this: