Det nye eplet

Apple invit­er­ar til kon­fer­anse. Folk sitrar i spen­ning. Mock­ups og kon­septer opp­står i kreti og pleti. Kva vert pre­sen­tert? Kjem det ein rev­o­lusjon, evo­lusjon eller berre småpirk? Eg har kort opp­sum­mert mine tankar rundt det dei hadde å koma med på deira WWDC-pre­sen­tasjon i går kveld.

Apple slapp som for­ven­ta myk­je nytt på deira årlege Word Wide Devel­op­er Con­fer­ence dei heldt i går. Sjølv var eg mest spent på kva nyhende dei hadde å koma med når det gjaldt OS X og iOS 7.

OS X Mavericks

OS X Mavericks

Apple sin neste ver­sjon av OS X vert ikkje så veldig rev­o­lusjonerande, men opp­da­teringane gjer nok kvarda­gen enklare for dei som blant anna nyt­tar fleire skjer­mar. Nam­nerekk­ja med løver er òg his­to­rie, og erstat­ta med ei bøl­gje. Nærare bestemt ei stor kjent sur­febøl­gje dei kallar for mav­er­icks over there.

iOS 7

iOS7

Her var det myk­je knask, og tilbakemeldin­gane lot ikkje vente på seg. Kom­men­tar­felt rundt om bugna over av både pos­i­tive og neg­a­tive ord — i kjend stil. Dei har i iOS 7 gått frå deira velk­jende skeuo­mor­fisme til flatt design. Mog­leg det er ei til­ven­ning som skal til, men dette vart kan­skje for flatt for Apple. Far­gane vart kan­skje litt glo­rete, men eg mein­er det er gjort eit godt stykke arbeid likev­el.

iOS-vs-Windows-Phone

Må innrømme at i det eg såg pre­sen­tasjo­nen av mobil­op­er­a­tivsys­temet i går, fekk eg flash­back til brukar­grens­es­nit­tet  til Win­dows Phone (WP). Det er ikkje berre eg som har sett like trekk, berre sjekk her. Eg har likt typografien og det enkle designet til WP (og forsåvidt Win­dows 8) sidan det kom på mark­naden, men ser på skjerm­bileter at iOS kan­skje vert hakket meir fullført når det kjem til reint og gjen­nom­ført design, og god typografi.

Den største forskjellen er forhåpent­leg at Apple sitt oper­a­tivsys­tem funker out-of-the-box, men likev­el…

Mac Pro

Apple Mac Pro

I til­legg til iOS 7 og OS X Mav­er­icks hadde Apple òg ein aldri så liten god­bit til folket. I går ville dei vise fram noko dei «for tida arbei­dar med», nem­leg ei flett ny utgåve av den gam­le travaren Mac Pro. Etter mange år utan opp­graderingar å snakka om var nok dette  etter­leng­ta nytt. Foru­tan å ha des­igna ein svart juv­el i særk­lasse, er nettp­re­sen­tasjon òg eit heftisk ska­parverk! For å seia det sånn: eg hadde ikkje sagt nei til ein slik maskin, nei!

Konklusjon

Dette er berre ein kort pre­sen­tasjon, men kort opp­sum­mert er eg vel ein av dei mange som både ser fram til eit nytt iOS sam­stun­des som ein lur­er på kor UI-des­ig­narane var då avg­jer­da for far­gar og ikon vart tekne… Men, det er klart at Jonathan Ive er hjer­nen bak heile desig­nomkalfa­tringa; dette er abso­lutt gjen­nom­ført stilmes­sig! Så får me berre vente til hausten dukkar opp!

Published by Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!

%d bloggers like this: