Nynorskens pappa har bursdag!

Ivar Aasen, 1871. Bilete henta frå Møre-Nytt

I dag er det burs­dag. Burs­da­gen til ein særs vik­tig mann i Noreg si språkhis­to­rie. Du kan kalle han pap­paen til nynorsken om du vil. I dag er det nem­leg 200 år sidan dik­taren og språk­forskaren Ivar Andreas Aasen vart fødd!

Dei aller fleste som kjen­ner meg veit at eg er ihuga nynorsk-brukar. Ein kan av og til lure på om det var med­født, og delvis så er eg vel det. Etter å ha budd på Stord (årets nynorskkom­mune i 2009) i oppvek­sten og deretter i byen mel­lom dei sju fjell i over åtte år, vert dialek­ta og språket ganske så utvan­na, eh, eg mein­er utvat­na…

I min kom­mu­nikasjon på e-post, og ellers andre stad­er ein skriv på net­tet, gjekk det for det meste i bland­ingsmål og dialekt. Det var ikkje før min tidle­gare sjef svara på ein e-post med føl­g­jande spørsmål: «Kva språk nyt­tar du eigent­leg? Då fall valet lett på nynorsk etter ganske kort tid. Eg har vanske­leg for å skrive ord som noe, jeg og ikke utan å grem­mast…

Men nok om meg. I dag er det ein annan stor mann som skal hyl­last. Nem­leg man­nen bak det heile: Ivar Aasen. Karen fyller nem­leg 200 år i dag. Grat­ulerer!

Ivar Andreas Aasen

Aasen vart fødd i Ørs­ta 5. august 1813, og er ein velk­jent språk­forskar og dik­tar. Han var òg ein aldri så liten plante­forskar iføl­gje Wikipedia.

Han stud­erte myk­je dialek­tar og i 1836, 22 år gamal, skreiv han eit essay kalla «Om vort Skrift­sprog». I dette essayet tek han til orde for å skape eit nytt hov­ud­språk – opphavet til den mod­erne nynorsken:

«Vi trænge aldrig til at gaae ude­nom Grænd­serne efter et Sprog; vi skulde lede i vore Gjem­mer, og see efter, hvad vi selv eiede, førend vi gik hen at laane af Andre. Lige­saa lidet, som det skulde hædre en fri Mand at aftry­gle af Andre, hvad han selv havde For­raad af, lige­saalidet hædr­er det os, at vi heller sam­le uden­landske Ord, end benytte dem, der almin­delig kjen­des og bruges i vore Bygder. (…) Skal vi da, tænk­te jeg, give Slip paa denne kostelige Skat fra For­tiden, som vore For­fæ­dre gjen­nem alle sine Trængsler have troli­gen bevaret og over­ladt til oss om en hel­lig Arv? Skal dens Besid­delse, saa ret­færdig som den er, end­nu gjøres os stridig, nu, da Folke­fri­he­den atter befind­er sig mellem vore Klip­per?»

Ivar Aasen døy­dde 23. sep­tem­ber 1896, 83 år gamal.

Nynorsk olje

Draupne vart omdøypt til Ivar Aasen. Grafikk: Det Norske

Ivar Aasen er ikkje berre kjent for det skrivne ord frå 1800-talet. Den dag i dag pry­der nam­net hans eit nyare olje­felt, og leiaren i Noregs Målung­dom Veb­jørn Sture, har allereie slengt inn forslag om å omdøy­pa Oslo S til Ivar Aasen sen­tral­stasjon. Ja, kvi­for ikkje? Aasen reiste jo myk­je rundt i lan­det vårt i si tid…

Nynorskstafett

I høve 200-årsju­bileet til Aasen og Språkåret 2013, skipar Noregs Mål­lag til ein aldri så liten nynorskstafett rundt om i lan­det vårt – i god gamal Aasen-and. Her på Stord kan du møte den knall oran­sje bilen saman med Stord Mål­lag 20. august, då Nynorskstafet­ten star­tar opp att etter ein som­marpause. Møte med kom­munen, skulebesøk, barne­hagebesøk, bib­liotek, stand, bedrifts­besøk og kul­turkveld er nokre av tin­ga som står på plakat­en.

Les meir om denne vesle fine man­nen på den nynorske Wikipedia!

PS: Før du kjem med kor­rigeringar på nynorsken min (som du abso­lutt er opp­for­dra til å gjera), hugs at eg stadig lær­er. Nynorsken er eit ungt språk!

Published by Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!

%d bloggers like this: