Knask på ein fredag: August

Både kalenderen og vêret viser oss at sommarferien er over for lenge sidan. Feriekontoen er nok óg ganske skrapt, så kva passar vel betre å få presentert eit gøyalt og spennande etter-ferie-økonomi-tips i knasket? Det er fredag!

Etter å ha svikta mine faste vitjarar førre månad, skulle eg jo ha kome med ei proppfull utgåve av knasket denne månaden. Diverre let det seg ikkje gjera, men noko knask har eg i alle fall! Fyll opp koppen med kaffi og gyv laus på fredagens knask!

Ikkje akkurat billotto

Kvar og ein av oss drøymer nok om den store og gjeve lottogevinsten kvar laurdag. Ikkje like mange legg faktisk inn kupong… Nettsida Dealotto starta opp rett før ferien, og er ein litt annleis lotto. Det er langt frå billotto til denne, men vinnarsjansane er store. Og om du ikkje vinn, så får du premien til sterkt redusert pris! Her kan du vinna alt frå digitale ikon til plakatar og liknande.

Hymens lenkjer

Eg er allereie godt gift, og må innrømme at me la kstremt mykje i invitasjonen me sendte ut. Men folka bak denne nettsida la tydlegvis litt meir i den enn det me gjorde… Her gjev Jess & Russ (brudeparet) oss heile historien – fyrst kvar for seg, for så å gå meir inn på korleis dei fann kvarandre. Det er ikkje kvardags å sjå ein slik invitasjon!

Godt nytt år!

Eg veit at denne kjem presis åtte månader etter tida, men sida var så niftig utført med animerte GIF-filer (!) at den berre måtte nemnast i knasket for dagen! Sjekk ut fjorårets nyttårstale frå Solei Noir bak denne lenkja!

1 Comment

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.