Skip to the content
Menu Close
Close
  • Heim
  • Typografi
  • Nedlastingar
  • English
  • Om
the unborn chikken
the unborn chikken
ting og tang i eit eggeskal
Search Menu
Close

Microsoft i nye klede

Apple skyter fart på børsen og pøser stadig ut nye måtar å nytte teknologien i det daglege. No har derimot Microsoft óg byrja å ta tak i seg sjølv for å finne nye måtar å kapre brukarar på. I same slengen har dei likegodt laga ny logo…

Share this:

  • Twitter
  • Facebook
  • Pinterest

Like this:

Like Loading...

Eg ser på meg sjølv som ein som er relativt glad i alt det Apple produserer. Vil ikkje sei eg er ein fanboy, men eg følgjer godt med når dei har noko nytt i ermet.

I det siste har eg derimot óg fulgt godt med kva leiren i Microsoft har kome på bak låste dører. Med deira største nyheit Surface, kan dei kanskje stjele litt andelar frå Apple sitt nettbrett-marked. Det eg, og sikkert mange med meg, er at Microsoft i lengre tid har slitt med å «finne seg sjølv» både når det gjeld produkt og profilering.

25 år sidan sist…

I går kunne ein derimot lese på den offisielle bloggen til Microsoft at dei no forandrar på logoen til sjølve selskapet – for fyrste gong på 25 år! Samstundes oppdaterte dei logotrekka på Windows, Xbox og Office. Sjekk videoen under for ein liten kikk.

http://www.youtube.com/watch?v=OzkZWvAJUr0

Men, det må alltid vere eit men med Microsoft… Logotrekka til Windows og Office likar eg kjempegodt, men den nye «looken» til hovudlogoen har nokre steg att på vegen mot å virke meir framtidsretta, meiner eg…

Så kva burde ha vore gjort?

Akkurat kva som bør gjerast er eg ikkje heilt sikker på, men 21-åringen Andrew Kim, bak nettstaden Minimally Minimal, har derimot teke alt deira nye eit par steg vidare i absolutt riktig retning. Han har nemleg i løpet av tre korte dagar denne sommaren gjort ein redesign av profilen og heile portefølja til selskapet. Den er rein, vakker og gjennomført.

Kanskje Microsoft burde ha sjekka ut hans meiningar fyrst? Uanskvett vert det mykje spennande å fylgje med på framover…

Share this:

  • Twitter
  • Facebook
  • Pinterest

Like this:

Like Loading...

Liknande innhald

  • Published fredag 24. august 2012
  • Posted in Datateknologi, Grafikk/design, Personleg
  • Tagged Andrew Kim, Apple, branding, Logo, Microsoft, Minimally Minimal, profil

Tonar på ein måndag: August

Knask på ein fredag: August


Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.

© 2025 the unborn chikken

Theme by Anders Norén

  • Heim
  • Typografi
  • Nedlastingar
  • English
  • Om
 

Loading Comments...
 

    %d