Du finner det meste på Finn!

Inspirato

Det er ingen over­raskelse at du finner litt av kvart på Finn, men av og til dukker det opp skikkelege skat­tar av inter­iør og pro­dukt. På bloggen Inspi­ra­to får du eit lite innblikk i nokre av desse fan­tastiske fin­urleghei­tane som er å finne på den største marked­splassen i Noreg.

iPad versus papir

iPad er ein fin­ur­leg og til tider prak­tisk dippe­dutt. Sjølv har eg ingen pla­nar om å skaffe meg ein, men andre har vanske­leg for å leg­g­ja den frå seg når ein fyrst set seg ned i sofakro­ken og sveiper fin­grane over glass­pla­ta. Apple seier sjølv at det alltid finst ein app­likasjon for alt, men det kan hende at ein møter på nokre få utfor­dringar som ikkje let seg (lett) løysa med iPad. Sjå berre i videoen over…

Fjordgløtt

Foto: Sean Meling Murray
Foto: Sean Mel­ing Mur­ray

Alle som har kjøpt eller sol­gt bopel kjen­ner til uttrykk som «Fjordgløtt», «Steinkast frå sen­trum» og «Sol­gt som den er». Men kva ligg bak desse uttryk­ka, og kva betyr dei eigent­leg? Spare­banken Vest hadde ons­dag 13. mars lynkurs for unge boligkjø­parar saman med rep­re­sen­tan­tar frå Raske Menn. Hjå dei fekk pub­likum svar på det som måtte vera av uttrykk – og erfare at ikkje alt er like rosen­raudt som det høyres ut…

Om du er inter­essert i å få med deg lynkurset dei skal ha 10. april, er det berre til å melde seg på her!

Published by Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!

%d bloggers like this: