Heilt hyper!

Du har nok nyt­ta street view-funksjo­nen i Google si kartten­este, men har du førestilt deg at det kan lagast heilt hyper kun­st ut av det? Det har i alle fall gjen­gen i Teehan+Lax Labs gjort. Dei har laga noko fin­urlege små kodesnut­tar som gjer van­leg kart om til film­snut­tar som nyt­tar bile­ta teke til Street view-utgå­va. Prøv ut sjølv på nettsi­da Google Street View Hyper­lapse, eller sjå deira eigen video over!

Steve Jobs

Rememberum

Nettstaden Remem­berum er ein nettstad kor folk kan lage og leg­gje ut ei dig­i­tal min­nebok om sine kjære som har gått bort. Mange kjen­ner nok til Apple-grün­der Steve Jobs og at han gjekk bort i 2001. I etterkant av hans død er det mange som vil hei­dra karen på sin spe­sielle måte, deri­blant Reme­berum. Dei har lagt opp min­nebo­ka om Jobs som eit eldre MacOS der du kan nav­igere deg nedover og sjekke innom «app­likasjo­nane» for vik­tige hendin­gar i hans liv. Fif­fig!

Slik et dyra måltida sine

Eg lo. Nuff said!

God helg!

Published by Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!

%d bloggers like this: