Twitter Live

Tweet Ping

Har du nokon gong lurt på kor mange tvit­ringar som vert sendt her i ver­da, sånn akku­rat no? Då er nettsi­da Tweet Ping staden å besø­ka for å få svar. Ska­paren bak nettstaden Franck Ernewein gir deg nem­leg direk­teop­p­da­ter­ing på meng­da av alle tvit­ringar på kvart eit kon­ti­nent frå sekun­det du entrar sida!

Kor kreativ er du?

Kreativitetstesten

Tenkjer du å ta ei utdan­ning innan kre­tive yrk­er? Vel, uansett kva utdan­ningsveg du vel­gjer å gå er Kreativitet­stesten til Norges Kreative Fagskole ei artig side å besøk­je om du har lyst på let­tbeint og kreativ under­hald­ning på ein fredag!

Har du 4 800 000 000 000 000 kr liggjande?

Death-Star

Eg har allereie skrive om norske Fønd, men Kick­starter har nok med dette pros­jek­tet overgått alt og alle med eit overord­na mål om å sam­le inn £543,000,000,000,000 (4 800 000 000 000 000 norske kro­ner) på rime­leg kort tid. Med vel 30 dagar att har dei sam­la inn i overkant av £300,000… Lykke til!

Published by Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!

%d bloggers like this: