Lyst å imponere ein pingvin?

Impress A Penguin

Pen­guin Press i Lon­don ser etter dyk­tige folk til stallen sin. Dei har nem­leg ein pingvin som gjerne skulle hatt fleire å leike saman med, slik at fleire les bøkene deira — og får deg til å snakke om dei. Impon­er ein pingvin her!

Leik med dine vener

IKEA har laga ein artig liten video for å vise kva ein kan gjere med gode ven­er i alle far­gar og fasongar. Han­dlin­ga føregår sjølvsagt i ein særs IKEA-inspir­ert heim… Fin song har den også!

Touch me!

Gestures Icons

Lagar du app­likasjonar på dippe­dut­tar med berøringsskjerm? Slit du med å finne rik­tige og pas­sande ikon­er for å vise kor­leis app­likasjo­nen virkar? Då treng du ikkje leite lenger enn desse fan­tastiske ikona av Prekesh Chav­da. Invester ved å klikke her!

Prima-vare!

Prime-Icon

Der­som du ikkje lagar noko for berøringsskjerm med for van­leg skjerm eller på papir, kan Prime-ikona frå same per­son (alt­så Prekesh Chav­da) vere noko for deg. Sjekk dei ut og kjøp Prime²-set­tet her så får du fyrste set­tet gratis!

Plenty of Oil

Denne videoen treng ingen tekst — den må sjåast. Både når det gjeld innhal og ani­masjonar!

Måleri eller fotografi?

Gina Heyer

Der­som du er ein habil kun­st­målar bør du abso­lutt ta ein titt på fotografia, eh, eg mein­er måle­ria, til Gina Hey­er. Dei er så fotografisk gode at ein nesten må stud­ere dei med forstør­relses­glas før ein trur det. Makan!

Barnemat

Barnemat

Me avs­lut­tar årets siste knask med noko, eh, knask. Det du ser over er eit rønt­gen­bilete av eit lite barns hov­ud, rett før mjølketennene fell ut. Dette kan vel trygt seiast å vere skum­lare enn alle Alien-fil­mane til saman.

Ha ein fin kveld, og sov godt!

Published by Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!

%d bloggers like this: