Kom snø, og du skal fritt falle…

Det er endeleg fredag! Mange startar vinterferien i dag, men for andre er den ikkje-eksisterande. For dei som fell i sistnemde kategori kjem det her noko digitalt knask!

Det er endeleg fredag! Mange startar vinterferien i dag, men for andre er den ikkje-eksisterande. For dei som fell i sistnemde kategori kjem det her noko digitalt knask!

Mads Burcharth

Mads Burcharth

Mads Burcharth er dansk og driv eit eige lite firma i heimlandet. Portefølja hans inneheld arbeid for store klientar som blant anna Coca Cola, Disney og Vodafone. I tillegg til å lage reine, elegante og gjennomførte arbeid, vert det presentert like eins på nettet. Verd ein kikk før helga!

Skriftleg samanlikning

Tiff — A type diff tool

For deg som nyttar ein del tid på å finne den riktige skrifttypen til ei nettside, har eg eit lite tips å koma med før fredagsmoroa byrjar for fullt. Det finst sikkert mange nok av samalikningsverktøy der ute, men eit eg har funne og nytta litt er Tiff — A type diff tool. Her kan du samanlikne vanlege systemskrifter (dei skriftene som primært er på alle maskinar) mot Google sine nettskrifter.

Responsiv skit

Resize that shit

Nei, det er ikkje snakk om respons på eit spørsmål eller ein søknad frå NAV. For dei av oss som kjenner til design for nett, kjenner kanskje til dette med responsive nettsider. Sidan det er helg, skal eg ta dette eit steg vidare: kva med eit interaktivt og responsivt puslespel? Jo, ver så god!

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.