Facebook-Paper

Til tross for utal­lige (tomme) spå­dom­mar om at Face­book kjem til å dø ut, sam­stun­des som at nettsam­fun­net går med nær tosifra tal i mil­liar­dover­skot, gjer Face­book stadig nye spen­nande ting. Face­book har teke nettsam­funn frå steinalderen og inn i framti­da. Dei har vist/gjort at saks­ing frå andre nettstad­er er vik­tig for folk flest. 3. feb­ru­ar er dei tilbake til blankt papir…

Papirutgåve av Facebook?

Sjølv om det kunne vore inter­es­sant å sett, så kjem ikkje nettsam­fun­net til å kome ut på ekte papir. Det hadde nok vore tid­kre­vande, berre sjå her. Men når Face­book kjem med endringar på designet eller funksjon­aliteten, vis­er det att på kjens­lene til folk. Nokre vert fortvi­la og mis­lik­er, nei, hatar at endringane skjer. Andre, meg inklud­ert, pris­ar det opp i himlen og sit gjerne spent å ven­tar på kva nytt dei finn på.

http://vimeo.com/85421325

No, nøyak­tig ti år etter opp­staren, er dei klar med eit nytt pros­jekt. Med ein app enkelt og gre­it kalla for Paper, skal dei fortel­je his­to­ri­ar. His­to­ri­ar som du set saman sjølv. Det verkar for meg at dette er ei god gamal RSS-straum i ny drakt, men eg er likev­el ein av dei mange som kjem til å laste ned app­k­likasjo­nen for å finne ut kva dette er — når/om den ein gong kjem til Noreg. Førebels er det berre våre ven­er over there som får utforske denne nye dig­i­tale his­to­rieforteljin­ga.

Sjekk ut denne nettsi­da for å lesa meir.

Published by Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!

%d bloggers like this: