![Scrabble-boks](https://i0.wp.com/www.unbornchikken.com/wp-content/uploads/Scrabble-boks.png?resize=600%2C350)
Er du glad i brettspel og kryssord, har du nok høyrt om Scrabble. Ordspelet der du skal setje saman ord og få poeng for å nytte flest mogleg bokstavar med høgast verdi. Om du i tillegg er glad i typografi har eg i dag funne fram til prosjektet som kan få den mest seriøse typofile der ute til å sikle langt nedover brystet; Andrew Capener har nemleg laga prototypen av ein særs typografisk utgåve av Scrabble.
![Scrabble-brett](https://i0.wp.com/www.unbornchikken.com/wp-content/uploads/Scrabble-brett.png?resize=600%2C350)
Som sagt er dette diverre berre eit prosjekt som har enda opp i ein prototype, men om du, som eg, set deg opp på lista over interesserte kan det nok hende at dette kan sjå dagens lys heime i di eiga stove!
Les meir om prosjektet og sjå fleire bileter her!