-
Oppvarminga er i gong
Eg reknar med dei fleste som har følgd meg på denne bloggen veit at eg elskar musikk, og spesielt to band: Radiohead og Sigur Rós. Denne veka er det duka for ein fantastisk konsertoppleving med sistnemde, nærmare bestemt i Oslo Spektrum på torsdag.
-
Tonar på ein måndag: Mai
Det lir mot sommar og forhåpentleg betre vêr. Difor har eg samla ti nye låtar som kan inspirera til pikniken i parken, båtturen eller romferda til mars.
-
Tonar på ein måndag: April
Soldagane ser ut til å vera over for denne gong denne våren. Då er det godt ein med godt samvit kan sitje inne, skru på anlegget og fyre opp noko fengjande musikk som står til regnbygene ute. Kos deg!
-
Tonar på ein måndag: Mars
Ny månad, nye tonar. Denne månaden serverar eg for det meste pumpande tonar som kanskje inspirerar meir til å bevege dansefoten enn kreativt arbeide. Men det er kvar sin smak!
-
Tonar på ein måndag: Februar
Tonanen frå februar kom litt seinare på dagen enn normalt i dag, men dei er like aktuelle som inspirasjon anten du er nattmenneske eller dagdrøymar... Her er i alle fall ti nye låtar!
-
Tonar på ein måndag: Januar
Nytt år, ny månad og nye låtar i spelelista for januar! Eit saftig samsurium av stilartar er å finne blant dei ti utvalde låtane til deg denne gong. Enjoy!
-
Tonar på ein måndag: Desember
Jula er rett rundt svingen, og snøen har allereie vist oss at global oppvarming er relativt oppskrytt... Sidan det er jul har eg i dag slege på stortromma og lagt til 20 julelåtar som du kan høyre på inn i siste veka før jula set inn for fullt!
-
Tonar på ein måndag: November
Det nærmar seg jul med stormskritt, men om du stressar med julegåver skal du berre slappe av. Musikk er terapi! Høyr difor gjennom spelelista frå November og ta deg fri frå julehandelen med øyreklokkene god klistra om øyro...
-
Tonar på ein måndag: Oktober
Etter ein lang periode med sildrande regn og piskande vind, ser det no ut til at me endeleg skal få nokre herlege haustdagar (i alle fall i skrivande stund). Opne vindaugo, slepp lufta inn og musikken ut frå spelelista for oktober!
-
Tonar på ein måndag: September
Haustregnet ausar ned og skapar godstemning om du sit innafor vindaugo med kaffikoppen mellom henda samstundes som du høyrer på spelelista eg har til deg for september...