Chrome er kanskje den nettlesaren som støttar den nye standarden meir eller mindre fullt ut, og på denne nettstaden kan du sjå eksempler på kor langt man kan gå når man utviklar ei nettside med standarisert HTML5 og CSS3-kode — og med god hjelp frå fiffige JavaScript-snuttar…
The Wilderness Downtown
Eit prosjekt som fanga augo mine her var The Wilderness Downtown. Dette er ein interaktiv film av Chris Milk som dreg nytte av standarden for å vise video og grafiske element på ein heilt ny måte, og som gjer opplevinga fullkomen med eit personleg preg.
Du vert først beden om å skrive inn gateadressa der du vaks opp (noko som fungerer dårleg om du ikkje bur i dei største byane her til lands) før du startar videoen. Grunnen til at du må skrive inn denne er for at nettsida skal kunne hente informasjon frå Google Streetwiev til å skape ein meir personleg og heilt unik visning.
Eg skal ikkje avsløre akkurat kva som skjer, men saman med musikken til Arcade Fire sin We Used To Wait er dette ein musikkvideo langt frå det som er daglegdags. Vel og merke må du ha Chrome installert på maskina di, samt ha ein større skjerm enn min 14″ bærbare…