Knask på ein fredag: November

online

Nok ein månad har gått inn i his­to­ria, og eg er igjen på plass med månadens hyggelig­ste spalte. Denne gong er det litt ekstra Mac-stoff (dessverre?), men ikkje ver redd, plut­se­leg er det omvendt! Uan­skvett om det var ein god eller dår­leg start på spal­ta, les vidare så får du sjå kva eg har på tape­ten i dag.

Klar for shopping?

Om du er glad i å shoppe kan denne sida vere eit artig sup­ple­ment til helgeshop­pin­ga di. Eg tek ikkje ans­var om du knuser noko i vevbu­tikken! Eg bekla­gar om eg har pos­ta dette tidle­gare, men såvidt eg kan sjå kunne eg ikkje finne den att nokont­eds på sida mi.

Stille som mus

Er du ein av dei som har opplevd det å sit­je anten i eit bib­liotek eller i eit kon­tor­land­skap og må ta omstart på Mac-en din, for så å bli flau over den kolos­alt irriterande opp­start­sly­den som du ikkje finn ut kor­leis du skal få vekk? Look no fur­ther! Denne lenk­ja gjer mask­i­na di lyd­laus under opp­start:

IE for Mac

Inter­net Explor­er 6.0 er jo noko som me vevdes­ig­narar hatar som pesten, men som me alltid bør ta hen­syn til når me skal lage vevsider. Som kjent vert ikkje ein ny IE laga for Mac lengre, og då er det kan­skje ein­del der ute som slit med å få sett kor­leis sita tek seg ut i denne net­tle­saren utan å måtte ren­dre den via nettst­ed­er som Netren­der­er (finst også som utvidelse til Fire­fox.). Her om dagen duk­ka det same prob­lemet opp for meg, men etter eit par søk hos min gode ven Google, fann eg føl­g­jande link som løyste dette prob­lemet:

Denne månadens nett-funn:

Også denne månaden har eg ham­na bor­ti meir eller min­dre gode sider som er verd eit besøk.

Sikkerhet på arbeidsplassen

HMS er jo vik­tig for verk­sem­dene rundt omkring no til dag, og heldigvis for det. I pre­sen­tasjo­nen du kan laste ned under kan du sjå eksem­pler på ting du helst IKKJE bør gjere på arbei­d­splassen din…

PNG vs JPEG

Her er ein liten sak om biletk­valite­tar ein kol­le­ga av meg sendte:

png_vs_jpg

Ser også til mi store glede at ein annan utfly­t­ta stord­abu har byr­ja med ei lik­nande spalte på sin vevblogg. Anbe­falar å føl­gje med på den for andre nyt­tige og inspirerande tips innan vevde­sign!

Mens me ventar…

Mens me ven­tar på neste månads spalte, kan du her få tips til kor­leis du kan pakke rund­stykker genialt enkelt. God helg!