Syphone — iPhone SMS-backup

Syphone

Etterk­vart som eg brukar iPho­nen min meir og meir, kjem fleire og fleire ynskje fram på ting som manglar. Denne gong er det ikkje sjølve tele­fo­nen som manglar noko, men pro­gram­varen eg brukar ved over­føring av infor­masjo­nen. For eksem­pel dette med å ta back­up av vik­tige meldin­gar.

Dette var ein rel­a­tivt enkel sak med min gam­le Siemens, avdi pro­dusen­ten hadde laga pro­gram­vare til å hente ut meldin­gane eg ville ta kopi av. Apple har ikkje ein slik sak, dei har kun iTunes som synkro­nis­er­ar musikken, kon­tak­tar og andre lik­nande sak­er frå tele­fo­nen til mask­i­na.

Etter litt søk på Google fann eg ende­leg verk­tyet eg har lei­ta etter, nem­leg Syphone. Dette pro­gram­met tek nytte av back­up­funksjo­nen iTunes brukar ved synkro­nis­er­ing, og kon­vert­er­er ule­se­lege og rotete back­up­fil­er til lese­lege meldinger som du kan eksportere. Funker dessverre kun på Mac.

Eit lite tips på tam­p­en: Om du også slit med å få dette til å fun­gere, sjekk ut denne forum-trå­den for hjelp.

Published by Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!

%d bloggers like this: