Luke 1: Balsamiq Mockups

Då skal eg prøve ein ny tradis­jon her på sida mi. Kvar dag fram til jul skal eg ha min eigen liten julekalen­der for dykk leasarar. Kvar dag skal eg pre­sen­tere ei nett­side, ei nett­side som kan vere alt frå flott å sjå på til å inneholde noko spen­nande å tilby/fortelje. Det er på tide å opne første luke, og bak den ligg Bal­samiq Mock­ups.

Glædeleg Jol & Godt Nyttaar!

Uan­skvett kor tid­leg man enn måtte starte med julepynt­ing (og salg av det), er det fint lite som slår den følelsen eg får når eg kjem inn i sto­va til forel­dra mine og kjen­ner duf­ta av julekak­er og pin­nakjøt. Jule­bor­da er unnagjort, pakkane er meir eller min­dre på plass, jule­fe­rien er i gong og det er ende­leg tid for ein velfor­tent jule­feir­ing!

Skostredet

Eg kunne ha skrive om ein vin, ein bil eller kva som helst eigent­leg, men val­gte i dag å fortel­ja om Skostre­det i Bergen. Denne litle smale gata, eller korte om du vil, som ligg i Vågs­bun­nen i Bergen. Denne er spe­siell året rundt, men i før­jul­sti­da byr den på ein stemn­ing du sjel­dan får andre plass­er.

Det lyser i stille grender?

Etter det eg hugsar, er det lenge sidan eg sist er i slik julestemn­ing som no, og «såpass lenge» før julaf­ta. Det kan ha med julelysa rundt omkring å gjere, med jule­han­de­len, jule­bor­da — ja, det kan vera så myk­je. Men det må nok vera det at me i år er to som føre­bur jula med julekalen­der og at det er komen julepynt i heimen. Jule­treet hos meg ute­blir nok i år, sidan me skal reise vekk heile juleve­ka, og lenger.

Til Julenissen

Det er snart jul, det har vel dei fleste fått med seg. Og anten du vil eller ikkje, kjem du til det punkt at du på kom­man­do må kome med ei kom­plett og helst orig­i­nal ynskjeliste. Difor har eg i år bestemt meg for å likegodt pub­lis­ere den her på bloggen min. Den er nok garan­tert ikkje orig­i­nal, men likev­el, det er no berre ei liste over ting man kan­skje aldri får.