Glædeleg Jol & Godt Nyttaar!

Renate og Espen ynskjer god jul!

Uan­skvett kor tid­leg man enn måtte starte med julepynt­ing (og salg av det), er det fint lite som slår den følelsen eg får når eg kjem inn i sto­va til forel­dra mine og kjen­ner duf­ta av julekak­er og pin­nakjøt. Jule­bor­da er unnagjort, pakkane er meir eller min­dre på plass, jule­fe­rien er i gong og det er ende­leg tid for ein velfor­tent jule­feir­ing!

Ei tid for tradisjonar

Jul er jo noko som er kvart år, det kan jo kallast ein tradis­jon. Då eg sur­fa på net­tet her om dagen oppda­ga eg ein meir spe­siell, men likev­el god tradis­jon mel­lom Norges­møl­lene og Øksnes kom­mune. Inge­borg Mikkels­dat­ter tes­tamerte på sitt død­sleie i 1621 500 riks­daler til Domkirken i Bergen mot at dei kvart år skulle sende 500 kg mjøl til dei fat­tige i Øksnes kom­mune. Denne tradis­jo­nen har no vart i 387 år…

Astronomisk jul

I føl­gje vår kjendis-astronom Knut Jør­gen Røed Øde­gaard kan stjernebiletet type på at det eigent­leg skulle vore jul allereie 12. novem­ber. Kan­skje det ikkje var for tid­leg å tenne julelysa i Strandgat­en i Bergen 9. novem­ber likev­el?

Ville eigent­leg med dette inn­legget ynskje dykk alle ei fortr­e­f­fe­leg jul og ei fan­tastisk nyt­tår­shelg frå meg og madammen! Håper på at du kos­er deg kor enn du måtte befinne deg i ei tid som denne!

Published by Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!

%d bloggers like this: