Stikkord: julefeiring

  • Glædeleg Jol & Godt Nyttaar!

    Uanskvett kor tidleg man enn måtte starte med julepynting (og salg av det), er det fint lite som slår den følelsen eg får når eg kjem inn i stova til foreldra mine og kjenner dufta av julekaker og pinnakjøt. Juleborda er unnagjort, pakkane er meir eller mindre på plass, juleferien er i gong og det er endeleg tid for ein velfortent julefeiring!

  • Det lyser i stille grender?

    Etter det eg hugsar, er det lenge sidan eg sist er i slik julestemning som no, og «såpass lenge» før julafta. Det kan ha med julelysa rundt omkring å gjere, med julehandelen, juleborda - ja, det kan vera så mykje. Men det må nok vera det at me i år er to som førebur jula med julekalender og at det er komen julepynt i heimen. Juletreet hos meg uteblir nok i år, sidan me skal reise vekk heile juleveka, og lenger.

  • God Jul!

    Den var særdeles etterlengta. Julestemninga. Men etter 3 måneder med julemas, tusenvis av millimeter med regn og sur vind og gradestokk som viser seinsommertemperaturar, så kom den omsider til meg også. Det skulle ikkje meir til enn å kome heim til julepynta hus hos ho mor og han far. Difor syns eg det er på sin plass å ynskje alle besøkande her på sida, kjente som ukjente, ei riktig godt jul!