Knask på ein fredag: Veke 34

Etter ein ferie fri for stort sett alt teknisk av type datamaskiner, er det vel på tide med ein ny «Knask på ein fredag»-følgjetong. Nokre av sakene er kanskje gamalt nytt, men slik er det i den digitale kvardagen…

knask

Etter ein ferie fri for stort sett alt teknisk av type datamaskiner, er det vel på tide med ein ny «Knask på ein fredag»-følgjetong. Nokre av sakene er kanskje gamalt nytt, men slik er det i den digitale kvardagen…

Drodleri, drodlera…

Er du ein av dei som sitter på bussen og skribler ned noko fancy på ein papirlapp, og ergrer deg over at du ikkje finn igjen skribleriene når du fekk ein bra ide å bruke det til? Då er kanskje den nye bærbare maskinen frå Lenovo noko for deg: Lenovo W700 har nemleg innebygd teiknebrett

iPhone

Sidan stort sett alle nettaviser skriver om iPhone for tida, kan ikkje eg vere noko unntak. Dette kan vel ikkje akkurat kallast nyheit, men meir eit artig tilskudd i ein elles hard arbeidskvardag. Ei heller denne saken, men den kan kanskje inspirere designfreaker der ute.

Ulykker i Photoshop

Eller Photoshop Disasters som de kaller seg, er ei genial kilde for tips om korleis du IKKJE skal fikse på bileter i Photoshop. Dette er ein av dei sidene eg besøkjer oftast på jobben. Alltid gøy å sjå at eg får det betre til enn visse andre der ute… Verdt eit besøk!

Kjekke lenkjer

Mens me er inne på (web)design, kan du jo alltids ta ein kikk på desse sidene:

Marian Bantjes

Dette er ei dame med sans for typografi i grafisk design. På denne sida presenterar ho hennar favorittar innan design både i magasiner og anna. Her er ein beskrivelse som er ganske dekkjande:

Marian is one of the most innovative typographers working today. She understands how to create historical sense in the present and onwards into the future. Stefan Sagmeister

Send gjerne inn tips i kommentarfeltet om du har noko å anbefale! Stay tuned for meir underhaldande knask framover!

2 Comments

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.