Buss, buss, så får du ein suss!

Gamle damer er hyggelege... Eller?

Då var fellesferien over for denne gong, og studentar og arbeidsviljuge nordmenn er att tilbake i trafikken i Bergen by. Berre eg skal på jobb så må eg smøre meg inn med ein god desj tolmod. For turen som vanlegvis tek 15-20 minuttar, tek no mellom 45 og 50 minutt, og det er lite kjekt når eg er svolten og higen på å kome meg heim.

Sjølv om det finns gode alternativer som buss, sykkel og gratis parkering på Lagunen og Nesttun, er det overraskande få som benytt seg av dette. Generelt er det ein person i kvar bil som køyrer til og frå sentrum om morgonen og om ettermiddagen.

Som ein sykloman så fint kommenterte, på ein sak Bergens Tidende hadde, er det mange positive ting ved å bruke sykkel:

  1. Økonomisk. Du sparer bensin og bom- og/eller busspenger
  2. Helsemessig. Du slepp å betale 1000-vis på SATS eller for slankepiller, eller belaste helsesektoren pga. livsstilsykdomar.
  3. Miljømessig. Du slepp å plage omgivnaden med støy og forurensing
  4. Plassmessig. Det er ekstremt lite plasskrevjande ift. 4- og 6-felts motorvegar

Bybanen

Mykje av køane er det generelle morgon- og ettermiddagsrushet som står for. Dog, mest av alt er det jo kanskje dette etterkvart legendariske bybane-prosjektet til Bergen kommune som må ta støyten for køane og kaoset i trafikken. Atter ei veistenging her om dagen gjorde det ikkje mindre kaotisk på Danmarksplass, sjølv om det no ikkje kan kallast eit kryss lengre. Etter siste omleggjing er det ikkje lengre nokon måte å kome inn på Danmarks plass, ettersom både Jonas Lies vei, Ibsens gate og Michael Krohns gate no er stengd.

Også i sentrum er det mange omleggjingar for tida, både på grunn av Bybanen og anna gravearbeid. Sjølvsagt er det jo motførestillingar for slikt, og då er det jo ikkje rart at folk tek saken i eigne hender og gjer som nokon gjorde i Skottegaten i Bergen, nemleg male sitt eige fotgjengarfelt for å dempe på trafikken. Om det hjelper er heller tvilsomt.

Mitt poeng er at dei som har sjansen til det, slik som eg, bør ta bussen, sykle eller slå seg saman med naboen og kjøre i full bil til jobb, skule eller kva du no enn skal i sentrum i rushtida. Som dei seier: Buss, buss, så får du ein suss! Tvilsomt om du får det av meg, men kjærasten/madammen din gjer deg det garantert for at du var miljøbevisst og raskt heime!

PS: Eg veit at biletet i saka er bruk førut, men det passa liksom og eg hadde ikkje eit betre alternativ på handa. Men, you know: «Buss, buss…»

PS2, 20.08.08: Lagt til eit vesentleg ord i saka for å utelukke misforståelser :D.

2 Comments

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.