Stikkord: kollektivtrafikk

  • Kva skjer i Bergen, folkens? Pt. 2

    Eg har budd i Bergen i åtte år, og teke meg den friheita å køyre med bil til jobb fire gongar. Fire av rundt rekna 1840 moglege gongar (då er ferie- og høgtidsdagar trukke i frå). Korleis er statistikken til ein arbeidstakar i Bergen for tida? Eg berre undrar, sånn ut av det grå.

  • Haustferie?

    Høstferie er for mange synonymt med late dager, fri frå skule eller jobb, kakao i solveggen med eit teppe tett rundt kroppen og mogleiken til å gjere det ein måtte ynskje når ein ville på dagen.

  • Buss, buss, så får du ein suss!

    Då var felles­fe­rien over for denne gong, og stu­den­tar og arbei­dsviljuge nord­menn er att tilbake i trafikken i Bergen by. Berre eg skal på jobb så må eg smøre meg inn med ein god desj tolmod. For turen som van­legvis tek 15–20 min­ut­tar, tek no mel­lom 45 og 50 min­utt, og det er lite kjekt […]

  • Godt nytt år?

    No er det kanskje litt seint å ynskje alle eit godt nytt år, det er jo allereie vorten 9. januar, men seier det likevel. Dog, korleis veit me at det blir eit godt nytt år? Vil sola titte fram frå dei CO2-tunge skyene, og få all forureininga til å forsvinne? Vil alle verta kvitt problema dei på ein eller annan måte har rota seg borti? Vert søkjefunksjonen i OS X Leopard betre? Vil eg venna meg av å seie «Hei!», og heller seie «Ha det!» når eg avsluttar telefonsamtalar? Vil verda verta betre utan George W. Bush, eller? Og vil virkeleg iskrem vere iskrem, og har den ei framtid?

  • Livet er underfundig

    Etter kvart som dagane går, og klokka svirrar rundt seg sjølv ganske så mange gongar i løpet av eit døgn, møter man på mange meir eller mindre underfundige ting. Dagleg ser me vel alle på klokka, men har du nokon gong vore borti at du ser på klokka til samme tid stort sett kvar dag, og at det tallet minner deg om noko?

  • Dagens nattynskje

    Om det er meg eller om det gjelder mengder der ute er uvisst, men om du mot formodning reiser heim med anten nattbussen, åleina med ein utruleg kjedeleg taxisjåfør, eller rett og slett irriterande selskap; Får håpe du har huska på å putte denne lista med sanger og artister på mp3-spelaren din (eller musikkmobilen din, or whatever)