Haustferie?

Høstferie er for mange synonymt med late dager, fri frå skule eller jobb, kakao i solveggen med eit teppe tett rundt kroppen og mogleiken til å gjere det ein måtte ynskje når ein ville på dagen.

ko

Haustferie er for mange synonymt med late dager, fri frå skule eller jobb, kakao i solveggen med eit teppe tett rundt kroppen og mogleiken til å gjere det ein måtte ynskje når ein ville på dagen.

For min del er eg på jobb heile denne veka, men det gjer absolutt ingenting. I allefall ikkje når eg kan stå opp 15-20 min seinere enn vanleg og likevel vere på jobb tidlegare enn det eg gjer elles i året. Det same gjeld når eg skal heim etter jobb. Eg kan gå på bussen i tidsrommet rushen normalt er på sitt verste, men likevel vere heime etter kun 15 min på bussen.

Grunn: Alle som til vanleg bruker bilen til og frå jobb har late dagar, og dermed ikkje moglegheit til å skape unødvendige køar!

Snart løysing på problemet?

Ettersom dei i desse dagar held på med utvidelse av vegen mellom sentrum og Haukeland sjukehus for å gi plass til eit kollektivfelt her, kan heimreisa kanskje i det minste gå meir eller mindre smertefritt.

Eg kan ikkje anna å seia enn at eg gleder meg som eit barn som ventar på å få opna den største julepresangen under treet, og det før jul!

Ha ei fortsatt fin arbeidsveke/haustferie!

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.