Livet er underfundig

Etter kvart som dagane går, og klok­ka svir­rar rundt seg sjølv ganske så mange gongar i løpet av eit døgn, møter man på mange meir eller min­dre under­fundi­ge ting. Dag­leg ser me vel alle på klok­ka, men har du nokon gong vore bor­ti at du ser på klok­ka til samme tid stort sett kvar dag, og at det tal­let min­ner deg om noko?

Klokka tikker...

Når eg sit på Mac’en på jobben tit­tar eg titt og ofte opp på klok­ka i høgre hjør­net, og sær­leg når det byr­jar å nærme seg å komme seg heim. Men støtt og stadig støy­tar eg på klok­ka når den vis­er 14.06. Aldri 14.02 eller 14.07 — ALLTID 14.06. «Er det noko spe­sielt med det klokkeslet­tet, da?» tenkjer sikkert du. Vel det er jo fødelses­da­gen min, så det er jo noko spe­sielt om du spør meg… Men er det nokon spe­siell fork­lar­ing på slikt?

Når me er inne på spesielle ting:

Kvi­for er det slik at folk som skal bussen ikkje rikker seg og gir plass til dei som skal AV? Kvi­for må mange vente med å finne fram bussko­rtet til dei kjem fram til kortle­saren? Og til slutt: Kva er eigent­leg grun­nen til at unge og friske ung­do­mar ven­tar på at heisen kjem ned frå 13 etas­je, for så å ta den opp i første, når det er trapp rett i nær­leiken?

…og ikkje minst på ein dag som denne:

Mi søta

Vil berre seie grat­ulere med dagen til mi kjære Renate som har burs­dag i dag! Tjo­hei! Eller, som me seier: «Sjo-hei!»

(Må vel kan­skje grat­ulere Brann med gul­let i samme slen­gen, dog det ikkje er så alt­for vik­tig. Eller tar eg feil?)

Published by Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!

%d bloggers like this: