Drit og dra!

Nei, det er ikkje eit styt kraftut­trykk mot deg dette, men heller ei over­skrift for ein unyt­tig (evt. kan­skje nyt­tig) ting å dra med seg på den lange bil­turen frå Lin­desnes til Kirkenes. For du reis­er vel for­bi Nord­kapp om du først tar turen og veit at du har reiseut­styret i orden? Trav­elJohn Portable Uni­sex Toi­let X3 er så unyt­tig som det er genialt: Du får ein pakke med 3 «pisse-pos­er» du kan bruke om du ikkje får sjans til å stoppe ved Kram­bua for lens­ing.

Men når me likev­el er inne på over­skrifter: Den er vel ikkje heilt dekk­jande, i og med at dette er kun for å kunne lense væske, og ikkje, ja, du veit…

…og så over til noko heilt, heilt anna

Ellers går det vekk til til masse her i går­den. I dag er den førs­ta dagen sidan sist inn­legg eg har følt meg i våken nok til­stand til å fak­tisk få ned nokre ord her på sida. Dri­ver å mekker sam­men eit par web­sider og skal denne (eller neste veke) byr­je å dro­dle sam­men ei ny skrift.

I til­legg så hold­er me (alt­så min store hugleik og meg) på med eit aldri så lite oppuss­ing­spros­jekt, så ikkje kom her og tru at eg lig­ger på lat­si­da! :D

Ha ein strå­lande dag!

Published by Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!

%d bloggers like this: