Verden er ond!

Frå filmen «Heima»

Var innom det islandske ban­det Sig­ur Rós sine heimesider her ein dag i førre veke, og såg til min store glede at doku­men­tarfil­men deira «Heima» skulle visast på stort ler­ret under BIFF (Bergen Inter­nasjonale Film­fes­ti­val) no den 20. okto­ber. Pir­rande!

Og no på fredag fekk eg ein tele­fon frå søsken­bar­net mitt (som i likhet med meg er rel­a­tivt stor fan av ban­det) der han for­t­alde den store nyhei­ta om at ban­det skulle opp­tre, live, i KP1 i forkant av film­framvis­ninga. Eg kjende blodet bruse av glede, og om ikkje eg svevde eit par cen­time­ter over bakken frå før av, så gjorde eg vert­fall det der og da. Med den store kon­ser­top­plevelsen i Oslo i fjor som­mer friskt i min­net, så var dette stort! Dette måtte då vere for godt til å vere sant!

Jo, det var sant, dei skulle komme til Norge og Bergen. Min­dre bra var det å bli påmin­na lau­rdags mor­gon at eg eg skulle i gull­bryllup denne dagen (alt­så 20. okto­ber), og ikkje kunne delta på begiven­heten i Bergen… Så mens eg sit­ter å småprater over ein kaf­fikopp og 38 sorter kake på eit hotell utan­for Sta­vanger, så får dere andre kose dere sålenge med ein minikon­sert og ein liten film…

Published by Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!

%d bloggers like this: