Stikkord: Bergen

  • Kva skjer i Bergen, folkens? Pt. 2

    Eg har budd i Bergen i åtte år, og teke meg den friheita å køyre med bil til jobb fire gongar. Fire av rundt rekna 1840 moglege gongar (då er ferie- og høgtidsdagar trukke i frå). Korleis er statistikken til ein arbeidstakar i Bergen for tida? Eg berre undrar, sånn ut av det grå.

  • «Oppsumering» er eit kjedeleg ord

    Eg kan ikkje seie det same om året som no er gått. Eg trur sjeldan at eit menneske får oppleve så mykje godt som eg har dette siste året. I tillegg til å ha vorten kjent med mange nye fjes, har eg feira mitt første kvartal av eit århundre, gifta meg med ei prinsesse, flytta tilbake til Stord, fått ny jobb, nytt hus og skifta ut MINI Jack med ein Volvo V70.

  • Kva skjer i Bergen, folkens?

    Var i Bergen på julebord i helga, og fekk til min store overraskelse vite at kaféen Capello i Skostredet hadde gått konkurs. Dette berre kort tid etter at den velkjente Vågen Fetevare også hadde stengt dørene. Er det mi skuld?

  • Skostredet

    Eg kunne ha skrive om ein vin, ein bil eller kva som helst eigentleg, men valgte i dag å fortelja om Skostredet i Bergen. Denne litle smale gata, eller korte om du vil, som ligg i Vågsbunnen i Bergen. Denne er spesiell året rundt, men i førjulstida byr den på ein stemning du sjeldan får andre plasser.

  • Attention all students!

    August er ein månad der folk flest byr­jar å stud­ere, og rushet av stu­den­ter som får seg eit nytt kryp­inn har byr­ja å lagt seg. Med det fyl­gjer stres­set med å skaffe seg bil­lige, eller helst gratis ting som kan pryde det nye kryp­in­net. Difor har eg bestemt meg for å hjelpe dei litt på […]

  • Godt nytt år?

    No er det kanskje litt seint å ynskje alle eit godt nytt år, det er jo allereie vorten 9. januar, men seier det likevel. Dog, korleis veit me at det blir eit godt nytt år? Vil sola titte fram frå dei CO2-tunge skyene, og få all forureininga til å forsvinne? Vil alle verta kvitt problema dei på ein eller annan måte har rota seg borti? Vert søkjefunksjonen i OS X Leopard betre? Vil eg venna meg av å seie «Hei!», og heller seie «Ha det!» når eg avsluttar telefonsamtalar? Vil verda verta betre utan George W. Bush, eller? Og vil virkeleg iskrem vere iskrem, og har den ei framtid?

  • Verden er ond!

    Var innom det islandske bandet Sigur Rós sine heimesider her ein dag i førre veke, og såg til min store glede at dokumentarfilmen deira «Heima» skulle visast på stort lerret under BIFF (Bergen Internasjonale Filmfestival) no den 20. oktober. Pirrande!

  • Morgonstemning har gull i munn

    Som alle andre norske ungdommar, stod eg i går opp über tidleg, nærare bestemt klokka 07.24. Tok på meg godt med klede (det var fint med utruleg kaldt ute), putta øyrepluggane frå iPoden inn i øyro, flekka med meg EOS'en min, og vandra til bussen. Vel framme i sentrum gjekk eg rundt og fanga inn den folketomme byen via linsa på kameraet. Resultatet av mi ferd kan sjåast over eller i fotoalbumet (trykk deretter på biletet for å sjå fleire...) mitt. Enjoy.

  • «Ikkje køyr før eg seier køyr. Køyr!»

    Fekk denne tilsendt av ein kamerat i går kveld. Synes den passa godt i desse tider når Bergen Kommune skal stenge mange vegar rundt Danmarks plass for å gje plass til den mykje omtale Bybanen. Og då tenkjer eg på dette med å få ein fin flyt i trafikken. Sparer penger på å la vere å bruke trafikklys gjer man óg, både når det kjem til innkjøp og strømforbruk.

  • Korleis lett unngå planlagde ting

    Har du nokon gong stått opp om morgonen, trøtt som fy, og tenkt at denne dagen kunne du godt vore foruten? Eller forresten, dumt spørsmål. Det er vel normalt.