«Oppsumering» er eit kjedeleg ord

Eg kan ikkje seie det same om året som no er gått. Eg trur sjel­dan at eit men­neske får oppleve så myk­je godt som eg har dette siste året. I til­legg til å ha vorten kjent med mange nye fjes, har eg feira mitt første kvar­tal av eit århun­dre, gif­ta meg med ei prins­esse, fly­t­ta tilbake til Stord, fått ny jobb, nytt hus og skif­ta ut MINI Jack med ein Vol­vo V70.

Her kjem mitt forsøk på å opp­sum­mere året 2009:

Prinsessa og Oskeladden

Bryllaupskyss

Den 27. juni vart to til eitt i det som mange kallar «århun­drets» bryl­laup. Renate og eg gif­ta oss i Eid kyrk­je på Hal­snøy, med nærare 200 gjes­tar og 30 grad­er i skuggen. Ein fan­tastisk dag! I anled­ning bryl­lau­pet oppret­ta me ein eige nettstad der gjes­tar og andre nys­g­jer­rige kunne få infor­masjon og lese om plan­leg­gjin­ga. Bileter og infor­masjon om bryl­lau­pet kan du finna her.

Påfyll av kunnskap

Oktan Alfa

Etter åtte år som mediegrafikar hjå Bodoni i byen mel­lom dei sju fjell, vart det påfyll av ny kunnskap i reklame­byrået Oktan på fødestaden min Stord. Sjølvsagt var det litt vemodig å for­late byen og Bodoni, men eg var klar for å prøve noko nytt. Må innrømme at man kan ver­ta litt lei av å pro­dusere buss­ruter…

Frå by til bygd!

Huset vårt

Som nem­nt har madammen og eg vendt nasa sørover og fly­t­ta heimover att og ham­na på Stord. Etter eit halvt år med aktiv leit­ing og budrun­dar som ikkje lik­na grisen, fekk me i haust ende­leg tilslaget på ein fan­tastisk utsik­ts­bus­tad på Hor­neland. Sidan me over­tok det i slut­ten av sep­tem­ber har det pågått oppuss­ing med fan­tastisk hjelp frå fam­i­lie og ven­ner frå fjernt og nær. Oppussin­ga kan du følge med på frå nettsi­da vår.

Det har vore dei­leg å oppradere frå berre 27 kvm i Bergen til 1400 kvm eige­dom og nesten 200 kvm hus på Stord!

Spelegalskap

Skriftene mine er tydlegvis pop­ulære, vert­fall om eg les tellev­er­ket til dafont.com rik­tig: 232 914 ned­lastin­gar av dei skriftene eg har lig­gande der.

I til­legg ser det ut som dei er ganske pop­ulære innan spe­lutviklings­bran­sjen. I april kom spelet “Mevo and the Grooverid­ers” ut, der to av mine skrifter vart brukt i menyane. I novem­ber skreiv eg om “Gangstar: West Coast Hus­tle” som også hadde nyt­ta ei av mine skrifter i grafikken. Ganske kjekt for ein hob­byskrift­de­sign­er frå ei lita øy i litle Noreg!

Så over til andre nyhende…

Av min­dre per­son­lege ting påg­jekk det ein dug­nad for å fjerne IE 6 frå folks mask­in­er, Mini/MINI feira sine 50 fyrste år på veg­en og det har vore stort­ingsval der Jens Stoltenberg fekk fire nye år på Løve­bakken.

Min gode venn Google…

…lanserte Google Wave i år. Ein video på YouTube vis­er på ein god måte opp­sum­meringa på kva året 2009 har gitt og tatt:

Takk for dette, og ver så god neste!

Vil med dette takke for 2009 og ser fram til å fort­satt glede deg med nyt­tige og unyt­tige lenkjer i «Knask på ein fredag»-spal­ta mi! Godt nytt år alle saman!

Published by Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!

%d bloggers like this: