iPhone.AppStorm

Hadde eg føl­gd betre med på lanser­ings­da­toar, hadde nok den nye nettstaden til Enva­to/App­Storm-nettver­ket vore med i julekalen­deren min. Betre «seint» enn aldri!

22. desem­ber lanserte dei nem­leg iPhone.AppStorm, ein nettstad med pre­sen­tasjonar av app­likasjonar til iPhone. Frå før av har dei nettstad­er som er ret­ta mot app­likasjon­er og anna relatert til Mac og veven.

Dashboard

Sidan App­Storm no byr­jar å ver­ta eit større nettverk har dei også lansert ein «Dashboard»-nettstad der du kan sjå kva det siste dei har skrive om på dei forskjel­lige sidene er. Fif­fig!

Kva vert det neste? Kan­skje Android får sin eigen App­Storm-side? Eg kjem nok til å informere om det også skal du nok sjå!

Published by Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!

%d bloggers like this: