Knask på ein fredag: Desember

Julegåvene er vel fortært i ivrige og spente hender, maten frå julekvelden ligg fortsatt godt i magen, julefreden byrjar å synke inn og julenissen takkar for seg. Det er årets siste fredag og siste «Knask på ein fredag» i 2009 er klar til å ta i mot di digitale leselyst!

Julegåvene er vel fortært i ivrige og spente hender, maten frå julekvelden ligg fortsatt godt i magen, julefreden byrjar å synke inn og julenissen takkar for seg. Det er årets siste fredag og siste «Knask på ein fredag» i 2009 er klar til å ta i mot di digitale leselyst!

Sjølvsagt kan eg fikse alt!

There I Fixed It

Denne sida er rett og slett genial i sin enkelhet. På There, I Fixed It kan du sjå og lese om meir eller mindre gode løysingar på korleis ein skal fikse øydelagde ting og tang (via Christoffer).

Klipp og Lim

Klipp og Lim

Kan vel diskuterast om det er eit heldig eller mindre heldig val av namn på kommunikasjonsbyrået Klipp og Lim som held til Trondheim, men nettsida deira er i alle fall fin å sjå på. Sida er også elska av CSScake.

I all enkelhet

I all enkelhet

I all enkelhet er firmabloggen til Netlife Research og gjer deg artikler om brukervennlegheit. Blant anna kan du lese at i eit nettskjema er det nok med berre ein knapp for å lede brukaren gjennom. Om det ikkje er interessant nok, kan du jo alltids få råd frå Eyvind Hellstrøm

SLV

SLV står for Sound, Light og Vision, og dersom min belgiske-engelsk ikkje er heilt ute å køyrer er dette eit firma som leiger ut lyd-, lys og visningsutstyr. Språkkunnskapa mine satt til side: Denne nettstaden er vel gjennomført!

Full fest!

Kva skjer i Uggabush når dyr spis forderva frukt? Videoen under forklarer det tydleg nok vil eg tru…

Ikon/piktogram

Eg avsluttar tradisjonen tru årets siste «Knask på ein fredag»-spalte med eit par lenkjer til ikon og piktogram. Enjoy!

God helg! Sjåast i 2010!

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.