Korleis lett unngå planlagde ting

Det Lille Kaffekompaniet

Har du nokon gong stått opp om mor­gonen, trøtt som fy, og tenkt at denne dagen kunne du godt vore foruten? Eller for­resten, dumt spørsmål. Det er vel normalt.

Gårs­da­gen var slik for meg. Våk­na opp trøtt og ikkje akku­rat klar for å ta fatt på dagens store og små hendin­gar. Tid for å bli per­son­leg detal­jerte igjen:

Etterk­vart som eg fekk gnidd nat­ta ut av augo la eg ein liten slag­plan for dagen:

  • Få unna ting på arbeid.
  • Heim og kvile.

Som sagt så var den liten, men god. Men av ein eller annan grunn endte dagen opp slik:

  • Fekk gjort meir arbeid på jobben enn planlagt.
  • Hadde meg ein lengre han­dlerunde på Oasen (sen­teret i nabo­laget mitt).
  • Hand­la inn matvarer.
  • Tok etas­jevasken (borettslagsp­likt). Denne kunne eg tatt i går eller i dag, men er glad eg tok den i går for å seia det sånn.
  • Kok­te opp noko godt til mid­dag, og spiste den sjølvsagt.
  • Vas­ka klede.
  • Ryd­da i papi­ra mine, og sat­te alt inn i perm.
  • Ryd­da og støv­sug­de leiligheten.
  • Tok opp­vasken.
  • Drod­la ned forslag til ein logo til ein bekjent.
  • Tok ein liten kvil foran TVen med ein episode av Prison Break.

Etter­som klok­ka ikkje hadde passert halv ni om kvelden, kunne eg jo likegodt ta turen til sen­trum tenk­te eg. Turen gjekk til Det Lille Kaf­fekom­pani­et for å ta ein velfort­jent pause med ein deilig kopp kaf­fi — mint-kaf­fi faktisk.

Om det er eit poeng? Foruten at eg må lære meg å holde meg til planer?
Nei, ingen. Fekk jo ikkje gjort det som eg planla :)

Ha ein fin­fin kveld!

By Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.