Kva skjer i Bergen, folkens?

Capello. Arkivfoto: Rune Berentsen, BT

Var i Bergen på jule­bord i hel­ga, og fekk til min store over­raskelse vite at kaféen Capel­lo i Skostre­det hadde gått konkurs. Dette berre kort tid etter at den velk­jente Vågen Fete­vare også hadde stengt dørene. Er det mi skuld?

Kan jo virke slik, etter­som at begge er, eh, var mine favorittst­ed­er for ein god kopp kaf­fidrikk, og at dei gjekk dukken ikkje lenge etter eg og madammen fly­t­ta til Stord. Har ikkje folk lengre tid til å set­je seg ned å ta ein kopp kaf­fi eller noko anna leskande lengre? Er det kun inn og få seg eit papp­krus for så å spurte ut døra att no for tida?

Kva vert det neste, at fan­tastiske Det Lille Kaf­fikom­pani­et får kro­ken på døra? Skal vert­fall gjere mitt for at eg tek meg noko varmt i kop­pen når eg kjen­ner den kjølege og våte lufta bite meg i nasa neste gong eg befinn meg i Bergen.

Eg får håpe desse to gjenopp­står, dette er eit sår i den Bergenske kafékulturen!

By Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!