-
Puss, puss, så får du ein suss!
Me har som (meir eller mindre) kjent fått oss hus på Stord, og i den anledning har kona mi og eg relansert vår bryllaupside til å verta ei side me fortel om livet der. Det vert nok ei overvekt av oppussingsoppdateringar no i starten, men om det vert for mykje av den type ting, kan du alltids lese om bryllaupet og sjå bileta frå den store dagen.
-
Kvasir har skifta ham
Når Kvasir tar steget og fornyar seg, kunne dei satt av litt tid på å designe ein betre logo (einig med deg der John) og pumpa litt luft i sjølve oppsettet av sida. Dette til tross, er det mykje bra nye Kvasir har å by på.
-
Agurktid?
Sumaren nærmar seg, og med den solstikk, solbrentheit, og uventa regnbyger i hytt og pine. Me får satse på at det vert minst av det siste, dog for slike dagar kan det kanskje vere artig å prøve dette finurlege spelet. For min del så skal eg få ein forsmak på ferien ved å dra ned […]
-
Og vips, så var me ferdig!
Etter minst 200 meter maskeringstape, 20 liter maling, ørten ruller og malerkostar av alle slag og variantar, eit par solskinnsdagar som har gått fløyten og eit fint stort antall ost- og skinkehorn (bakt av madammen etter mammas oppskrift), kan me no sjå oss fint ferdig med oppussingsprosjektet vårt i Fyllingsdalen.
-
Drit og dra!
Nei, det er ikkje eit styt kraftuttrykk mot deg dette, men heller ei overskrift for ein unyttig (evt. kanskje nyttig) ting å dra med seg på den lange bilturen frå Lindesnes til Kirkenes. For du reiser vel forbi Nordkapp om du først tar turen og veit at du har reiseutstyret i orden?