Agurktid?

Streken

Sumaren nær­mar seg, og med den sol­stikk, sol­bren­theit, og uven­ta reg­n­byger i hytt og pine. Me får satse på at det vert minst av det siste, dog for slike dagar kan det kan­skje vere artig å prøve dette fin­urlege spelet. For min del så skal eg få ein fors­mak på ferien ved å dra ned til Bel­gia og Rock Wer­chter for å høyre på Band of Hors­es, Radio­head og Sig­ur Rós.

For dei av oss som må slite med jobb (minst) ei veke til, så kan eg by på litt av kvart å ta seg til under:

Streken er tilbake!

Er du ein av dei som heller likar å sjå på beveg­elege bileter enn å spele bord-fris­bee? Då kan eg opplysa, og kan­skje også gle­da deg med at den gode gam­le Streken er tilbake, eller vert­fall tilgjen­ge­leg på Dag­bladets Web-TV-tjen­este. Om du sam­tidig dig­ger musikken, ja, så er det jam­men komen ut eit off­isielt sound­track til den også…

Pastafarianism

Agurk­tid eller ei, for dei av dykk som er ute etter spe­sielle trusret­ningar, kan kan­skje denne sida vere noko for deg. Man kan vert­fall ikkje ta feil når man går for­bi denne kyrk­ja og ser The Spaghet­ti Mon­ster utan­for

Lyst på leiligheit?

Som kjent så har eg pus­sa opp lei­lighei­ta mi, og den er fort­satt til sals for dei som ynskjer ein fin liten lei­ligheit i Fyllings­dalen i Bergen. Titt innom annon­sa for lei­lighei­ta på bobmegleren.no/finn.no og kom på vis­ning! Og helst by på den i same slen­gen sjølvsagt… 25.07.08: Lei­lighei­ta er no sol­gt for den som fort­satt måtte vere interessert…

By Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!