Kvasir har skifta ham

Kvasir 2009

Når Kvasir tar steget og forn­yar seg, kunne dei satt av litt tid på å designe ein betre logo (einig med deg der John) og pumpa litt luft i sjølve oppset­tet av sida. Dette til tross, er det myk­je bra nye Kvasir har å by på.

Søk­jet ditt resul­ter­ar i ein over­sikt der du raskt kan finne det du er ute etter. Bilet‑, tek­st/nett- og nyhetssøk kjem opp med rel­e­vante resul­tat. Det ser ut til at sida for tida ikkje respon­der­ar så raskt som den burde. Sat­sar på at dette er noko som ganske raskt vil ordne seg.

Om du føler for å ta del i diskusjo­nen om den nye Kvasir, kan du gjere det ved å surfe innom Kvasir sin eigen blogg, eller til Web­de­sign­ma­gasinet sitt innlegg.

By Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!