Dejlig å vere norsk

Beware of the monster

Ikkje bli skremt, mon­steret lik­er berre ikkje å ver­ta tatt bilete av…

Etter over 350 mil bak rat­tet i «Mini Jack» på 4 vek­er, med danske, svenske, aust­landske, vest­landske og sør­landske hus og land­skap susande for­bi, er eg igjen tilbake ved arbei­d­spul­ten for å ta til på den hek­tiske kvarda­gen. Mens eg fort­satt har ferien rel­a­tivt friskt i min­net, tenk­te eg å ta ein rask opp­sum­mer­ing på årets ferieminner og hendin­gar.

Leilegheit og bil

minijack_redrose

Som kjent før ferien opp­graderte me (eller ned­graderte, alt etter­som) bil frå vår knall røde Golf-stasjonsvogn frå 1996, til ein 2002-mod­ell Mini Coop­er. Me angr­er ikkje på byt­tet! Før ferien hadde me også «luk­susen» av å ha to lei­legheit­er. No har me ein min­dre. Må innrømme at stun­dene på ter­rassen kan ver­ta eit større sakn enn først antatt, men skal nok prøve å halde ut ei stund til. Kan­skje me har eit hus innan denne tida til neste år?

Dejlig å vere norsk i Danmark?

Byens næstbedste spisested

Til infor­masjon så gjekk me videre etter å ha tatt bilete av dette skil­tet i Ebeltoft i Dan­mark. Nem­men, er du lin­selus på dine eigne bileter, Renate?

Mange forbind nok ferie med forel­dre med dølt og kjede­leg. Det var ikkje til­fel­let i årets ferie til Ebeltoft i Dan­mark. Heile min famile og brø­dre med føl­gje vart sam­la under eitt tak i ei veke. Som seg hør og bør når ein fam­i­lie reis­er til Dan­mark, må ein jo besøke eit eller anna som­mar­land, og denne ferien var ikkje noko unntak. Djurs Som­mar­land vart pluk­ka ut og stort sett ALLE berg og dal­baner og attrak­sjonar vart besøkt (unnskyld for at me ikkje tok den siste berg og dal­ba­nen, pap­pa). Karusel­lane vart hop­pa over av svim­mel­hets-helsemes­sige årsak­er :D

Århus vart også beæra eit besøk av oss, men det var i Ebeltoft me stort sett befann oss. Her var det nok av  kose­lege spise­plass­er og artige butikker å besøke. Som biletet over vis­er, er dei vert­fall ærlege om kven som er best i byen og ikkje…

Tips: Er du i byen, stikk innom «Hos Mol­boerne» og få deg eit måltid til ein bil­leg peng i ein god atmos­fære.

Halsnøy

Etter lang tids arbei­de, oppuss­ing og dermed lange dagar, var det ende­leg tid til å slappe totalt av. På Hal­snøy var eg og madammen heilt åleine eit par dagar før fam­i­lie stakk innom no og då. For dei som eventuelt prøvde å få tak i oss så kan me oppl­yse om at våre tele­fonar har sånn cir­ka null dekn­ing på denne øya. Det kalles fri­heit!

Bad­ing i hagen, på stran­da og svaberg er strengt påbudt i slike ferier, på slike sted­er, og med slikt ver som var. Eit par båt­turar vart det sjølvsagt også tid til.

Kan nemne at eg fort­satt har igjen å slå sviger­far i krokett, but I’m get­ting there!

Stavanger og Kristiansand

Som ei avs­lut­ning på ein fan­tastisk ferie besøk­te me Sta­vanger for å besøke ven­ner og fam­i­lie, før turen gjekk via Reme (Lin­desnes) for å set­je opp eit par­tytelt, til eit fan­tastisk bryllup i Kris­tiansand. Her er det snakk om flek­si­bil­tet på høgt plan!

Etter ein slik ferie gjorde det ingent­ing å bruke sju-åtte timer i ein stapp­full Mini, i styrtregn, tilbake til Bergen på sønda­gen.

Så sånn var den sumaren…

Published by Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!

%d bloggers like this: