Klar, ferdig, gå, nynorskstafett!

I år er det eit særs spesielt jubileum som finn stad for oss som elskar nynorsk.
I samband med dette hiv Noregs Mållag seg på hjul for ei ny målreise land og strand rundt — 200 år etter far til nynorsken, Ivar Aasen, vart fødd.

aasen

Det er språkåret 2013, ei feiring av det norske språkmangfaldet og for å markere at det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd. Noregs Mållag bidrag til språkåret er å arrangere ein nynorskstafett, og i sin knall oransje bil skal dei ferdast rundt om kring til 143 stoggestader for å fortelja om kven, kva og kvifor innan nynorsken. Nynorsken er absolutt til stades i dagens Noreg!

Startskotet for stafetten går i dag på Ivar Aasen-tunet i Ørsta, så er du i nærleiken er det berre til å møte opp!

Du kan følgja stafettbloggen her.

Vert du sjikanert som nynorskbrukar?

Det er mange hendingar som er planlagt gjennom året, og eit av det står Studentersamfunnet i Bergen bak. Dei inviterer nemleg til Ivar Aasen-andakt, og vil at du skal koma og sjikanera bokmålsbrukarar utan å få noko tyn tilbake! Sjekk ut kalendarenhendinga her.

3 Comments

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.