Det lyser i stille grender?
Etter det eg hugsar, er det lenge sidan eg sist er i slik julestemning som no, og «såpass lenge» før julafta. Det kan ha med julelysa rundt omkring å gjere, med julehandelen, juleborda – ja, det kan vera så mykje. Men det må nok vera det at me i år er to som førebur jula med julekalender og at det er komen julepynt i heimen. Juletreet hos meg uteblir nok i år, sidan me skal reise vekk heile juleveka, og lenger.
Til Julenissen
Det er snart jul, det har vel dei fleste fått med seg. Og anten du vil eller ikkje, kjem du til det punkt at du på kommando må kome med ei komplett og helst original ynskjeliste. Difor har eg i år bestemt meg for å likegodt publisere den her på bloggen min. Den er nok garantert ikkje original, men likevel, det er no berre ei liste over ting man kanskje aldri får.
Musesyke?
Lei av å måtte leite deg fram i Start-menyen på Windows, eller rote deg ned i Docken til OS X kvar gong du skal skifte, eller opne eit nytt program? Anten har du høyrd om den eine eller begge. Kanskje også prøvd dei ut, eller ein fortsatt flittig bruker? Eg bruker begge. Programma Colibri (Windows) og Quicksilver (OS X) er vorten ein kjær og nyttig ting i min kvardag. Med desse er det berre til å taste inn dei første bokstavane til eit program og trykke enter når det dukker opp i boksen midt på skjermen
Gråter du?
Det å gråte er vel kjent som noko oss menn gjer ytterst sjelden. Sjølvsagt kan det, eller meir riktig, finst det unntak. Kvifor tar eg dette temaet opp? Jo no skal du høyre… Dette retter seg helst mot alle dere eldre damer som tar bussen om morgonen, særleg på dager det regner.
Livet er underfundig
Etter kvart som dagane går, og klokka svirrar rundt seg sjølv ganske så mange gongar i løpet av eit døgn, møter man på mange meir eller mindre underfundige ting. Dagleg ser me vel alle på klokka, men har du nokon gong vore borti at du ser på klokka til samme tid stort sett kvar dag, og at det tallet minner deg om noko?
Drit og dra!
Nei, det er ikkje eit styt kraftuttrykk mot deg dette, men heller ei overskrift for ein unyttig (evt. kanskje nyttig) ting å dra med seg på den lange bilturen frå Lindesnes til Kirkenes. For du reiser vel forbi Nordkapp om du først tar turen og veit at du har reiseutstyret i orden?
Verden er ond!
Var innom det islandske bandet Sigur Rós sine heimesider her ein dag i førre veke, og såg til min store glede at dokumentarfilmen deira «Heima» skulle visast på stort lerret under BIFF (Bergen Internasjonale Filmfestival) no den 20. oktober. Pirrande!
In Rainbows
Ja, då er det klart folkens, etter 4 års ventetid på «oppfølgeren» til Hail To The Thief, er no Radiohead heilt klar med nytt album.
5 år, faktisk.
Rekner med at madammen kjem til å lese dette, men eg får satse på at eg husker 5-årsdagen til vårt framtidige barn… Grunnen til at eg seier dette er at då eg satt på jobb her om dagen og tenkte litt på webdesign, kom eg plutseleg på at «Hmm, unbornchikken.com er jo 5 år denne månaden…». Artig at eg nesten gløymde alderen på «tilholdsstedet» og lekeplassen min dei siste åra. Men, men. Gjort er gjort sa elgen og vassa over elva og vart rein.
Designinspirasjon
I løpet av den siste tida har eg snubla over eit par nye sider som kan gi inspirasjon til mange grafiske-/webdesignere der ute i det store intet. Eg har oppdatert link-arkivet mitt med nye inspirasjonskilder for både ditt og datt.