Ville berre kort informere om at det no er lagt ut bileter på www.renateogespen.com frå bryllaupet vårt! Du kan også lese eventyret me hadde i festheftet, og bestille CD med fleire bileter og ein film.
Stikkord: Fotografi
Eit foto om dagen…
«Eit eple om dagen gjer godt i magen» er det eit ordtak som seier. Folka bak Favourite Website Awards (FWA) har tatt dette vidare og laga ei side som presenterer eit nytt bilete kvar dag!
Ekte miniatyrfilm
Snubla over denne videosnutten via Smashing Magazine si tvitring i går kveld, og måtte berre dele den med dykk. Den er filma med tilt-shift-linse, og det skapar eit heilt spesielt inntrykk av filmen.
Finn eit bilete og blogg om det
Etter å bladd meg gjennom Mia Holtes mange gode blogginnlegg, fant eg ein litan ting som ser ut til å spre seg på bloggar rundt omkring og som eg ville prøve ut.
Skostredet
Eg kunne ha skrive om ein vin, ein bil eller kva som helst eigentleg, men valgte i dag å fortelja om Skostredet i Bergen. Denne litle smale gata, eller korte om du vil, som ligg i Vågsbunnen i Bergen. Denne er spesiell året rundt, men i førjulstida byr den på ein stemning du sjeldan får andre plasser.
Heia Espen!
Nei, det er ikkje min nye fanklubb, og min løkkefotball-karriere har (endå) ikkje nådd særleg nye høgder. Heia Espen! er porteføljen til fotograf Espen Nersveen frå Oslo.
Knask på ein fredag: November
Nok ein månad har gått inn i historia, og eg er igjen på plass med månadens hyggeligste spalte. Denne gong er det litt ekstra Mac-stoff (dessverre?), men ikkje ver redd, plutseleg er det omvendt! Uanskvett om det var ein god eller dårleg start på spalta, les vidare så får du sjå kva eg har på tapeten i dag.
Sumo Paint
Er du ein av dei som savnar eit godt biletredigeringsprogram når du skal vise/redigere bileter på andre maskiner enn di eiga? Sumo Paint er akkurat eit slikt program.Det er tilgjengeleg på alle maskinar som er tilkobla internett, det er nemleg nettbasert.
Takk for innsatsen, Siemens
Etter sju trufaste år og minst like mange variantar av Siemens sine fantastiske mobiltelefonar, er no ein æra over. Det har teke nesten fire år før min fantastiske S65 måtte gje tapt for ein aldri så lita overmakt kalla Apple iPhone.
Knask på ein fredag: Veke 35
For å få opp humøret, og samstundes få ein innføring i staving, kan du få lov til å sjå videoen ovanfor før du leser vidare på knasket eg har funne fram til deg i dag. Føler deg klar nok til å delta i ein stavekonkurranse no? Anyhu, i dag kan eg by på (forutan ordstaving…… Continue reading Knask på ein fredag: Veke 35